– Dette gir meg sterk motivasjon til vidare satsing, seier Karoline Træland Dalland etter at ho tok sin andre triumf som senior i eit landevegsritt I norgescupen i Glåmdal.
– Dette gir meg sterk motivasjon til vidare satsing, seier Karoline Træland Dalland etter at ho tok sin andre triumf som senior i eit landevegsritt I norgescupen i Glåmdal.
Under ungdomsdebatten ved Knarvik vidaregåande var det intens kamp om taletida. Ordstyrarane måtte halde tunga rett i munnen då dei bestemte kven som skulle få neste ord i diskusjonen.
Halfdan-Emil Færø sprang den beste 5000 meter sin på mange år då han vann Eikangerløpet under jubileumsstemnet på Ostereidet. Tida hans vart 15.26,3 og var berre vel tre skund etter løpsrekorden som han sette for ti år sidan. Han vann løpet for niande gong.
Visste du at ein gong i tida var vesle Flatøy sentrum for norsk luftfart? Og at Flatøy var utgangspunktet for ei av verdas første passasjerfly-ruter? Denne veka blir historia fortalt i ei unik fotoutstilling i Galleri Rustica på Holmeknappen.
3. og 4. klasse ved Nordhordland kristne grunnskule besøkte innbyggarservice i Knarvik for å lære om valet.
Bølgjene har ikkje lagt seg etter energiminister Terje Aasland sitt utspel under Arendalsuka om det han oppfatta som udemokratisk press mot politikarane i Modalen under vindkraft-saka.
Gro Håland starta karrieren sin i Bø barnehage, på Radøy. Der har ho jobba i meir enn 20 år. Ei rekke omrokeringar i dei kommunale barnehagane førte ho inn i ny jobb.