Kampen er over! Storebror var best

Kampen er over. NBK var best med resultatet 0-5. Følg med på reaksjonar etter kampen her i avisa Nordhordland.

Målskårar vart Andreas Snekkevik med to, Tommy Gaustad som skåra sitt mål nummer 100 for klubben, Jonas Sleire og Oliwier Rybicki.

To redningar på strek

NBK er best og vil mest. I andre omgang har dei hatt to redningar på strek. I fjor var dei i ferd med å rykke ned frå 4. divisjon. I dag har dei dominert mot laget som vann si avdelinga i 5. divisjon. Kva kan NBK få til i år? 0-5 står det like før slutt.

Tapar kampen - vinn tribuna

Kvernbit-tifosien gir seg ikkje med jubel, trommar og skrik. 

NBK-fans går frå kampen

Tre NBK-supportarar med flagg er observert gåande frå kampen før kampslutt. Kanskje dei er lei av å sjå laget sitt overkøyre Kvernbit? Eller kanskje dei berre unngå å stå i kø.

Bilde frå overkøyringa - storebror er best
Total overkøyring

Stillinga har komme opp i 0-5 til NBK.

Nytt mål frå Kvernbit

0-4 for NBK ved Jonas Sleire. 

Guds hand på Fossemyra?

På Vip-tribuna blir det snakka om Diego Maradona og guds hand. Dette i samband med ein dårleg heading frå Kvernbit over mål. Det var inga hand involvert. Men Diego blei snakka om likevel.

Har det vore fleire?

I chatten kjem det fram at det nok har vore fleire på kamp i Nordhordland. Den gongen NBK spelte mot Brann  i cupen var det ganske så sikkert meir enn 853, blir det meint av Harald i chatten.

Totalt skal det vore har 2.500 på den kampen.

Men kanskje ikkje har det vore så mange på ein vanleg seriekamp?