Brannvesenet er på veg til ein lyng- og grasbrann i nærleiken av Espelandsvatnet ved Seim.
Det melder 110 Vest klokka 12.50 måndag.
Klokka 12.58 melder dei at brannvesenet har kontroll på staden.
Brannvesenet er på veg til ein lyng- og grasbrann i nærleiken av Espelandsvatnet ved Seim.
Det melder 110 Vest klokka 12.50 måndag.
Klokka 12.58 melder dei at brannvesenet har kontroll på staden.
Politiet fekk natt til måndag melding om russ som spelte høg musikk i området rundt Knarvik vidaregåande skule.
– Naboar hadde problem med å få sove, forklarar politioverbetjent Kurt Inge Hordvik til NH måndag føremiddag.
Politiet rykte ut, og bad russen om å dempe musikken og gå til sengs.
Naudetatane rykte søndag kveld ut til Modalen, etter melding om ei trafikkulykke.
Politiet melde om ulykke klokka 19:29. Ein motorsykkel var involvert, og hadde køyrd av vegen.
Føraren blei sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, melde politiet søndag kveld.
Måndag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd i grøfta på Radøy.
– Det var ein eldre mann som hadde vore uoppmerksam, køyrd ned eit skilt og eit gjerde, og hamna i grøfta. Det er ikkje mistanke om rus, men det er sendt inn ei uromelding om evna hans til å køyre bil, forklarar politioverbetjent Kurt Inge Hordvik tysdag.
Laurdag kveld kontrollerte politiet sjåførar på Mongstadvegen, litt forbi Lindås. Ein person mista førarkortet. Vedkommande køyrde i 117 km/t i 80-sona.
– Sjåføren blei fotgjengar og vedtok førarkortbeslaget, fortel politioverbetjent Kurt Inge Hordvik måndag.
Torsdag ettermiddag er det melding om kø på E39 like nord for Knarvik.
Det skal vere dirigering av bilar på staden.
– Dei slepp eit og eit køyretøy igjennom, melder ein tipsar til Nordhordland.
For tida blir det gjennomført arbeid på E39 i Mundalsbergtunnelen. Det skal etter planen vere ferdig til tysdag neste veke.
Avisa Strilen har vore i kontakt med Vegtrafikksentralen. Dei seier til avisa at dei ikkje på ståande fot kan svare på kvifor det er kø på staden.
Politistasjonssjef Julie Ekeland fortel om ein stille og roleg påske for politiet. Men på vegane har det ikkje berre gått roleg for seg.
– 2. påskedag var UP-patruljar ute med laser fleire plassar på E39 mellom Romarheim og Matre, seier ho.
Dei kontrollerte frå 13:30-tida til klokka 19:30. Mange bilistar vart målt til å køyra for fort. 29 fekk bøter og ein sjåfør mista førarkortet. Den høgaste farten var 119 kilometer i timen i 80-sona.
I tillegg kom politiet over ein bilist som vingla. Det var i 18-tida på Haugsvær i Masfjorden.
– Politiet tok føraren med til legevakt for blodprøve og har teke førarkortbeslag. Det er oppretta sak med mistanke om køyring i påverka tilstand, seier Ekeland.
110-sentralen skal ha meldt om røykutvikling på eit kjøken i Alversund, skriv Vest Politidistrikt.
Alle naudetatane er på veg til staden.
Klokka 15.35 melder politiet at det er snakk om ein tomannsbustad.
Det skal ha vore barn på adressa. Dei har kome seg ut av huset og tok med seg katten. Barna skal ha vore eksponerte for røyk, og vert sett til av ambulansepersonell.
Røykutviklinga skjedde i samband med steiking av baguettar. Ein nabo hjelper til på staden og utlufting pågår.
Onsdag morgon starta utan vatn for mange i Austrheim. Bakgrunnen var eit brot på vassleidninga i Nordlibrekka.
I løpet av onsdag blei den lekkasjen stoppa, men då vatnet blei kopla på att, blei det oppdaga ein ny lekkasje. Difor er Gjerdhaugen, Åråsvågmyra og deler av Åråsvågen med hyttefeltet utan vatn.
Torsdag klokka 10:30 kom Austrheim kommune med følgande oppdatering om situasjonen, på sin facebookkonto.
– Det blir leita og det er grave opp mange meter no, men punktet for lekkasjen er dessverre ikkje funne.
Klokka 12:50 hadde bebuarar i Åråsvågmyra fått vatnet tilbake.
Natt til onsdag vart det oppdaga eit vassleidningsbrot i Austrheim.
– Me ber om orsaking for at mange startar dagen utan vatn, stod det i eit infoskriv på kommunen si heimeside.
Brotet i leidninga er i Austrheimsvegen ved Nordlibrekka.
– Røyrleggar er på plass. Røyret som var lekk er fjerna, men det vil ta nokre timar før reparasjonen er fullført, skreiv kommunen onsdag morgon.
Når vatnet kjem attende, kan det vera misfarga. Då må ein tappa kaldt vatn, slik at ikkje det misfarga vatnet kjem i varmtvasstanken.
Seinare oppdaterte kommunen om situasjonen. Brotet på vassleidninga var då løyst. Samstundes informerte kommunen om at ein i samband med driftssetting måtte stenge vatnet heilt frå Åråsvågen og utover mellom 12:40 og 13:30.
– Det vil gå noko tid før trykket er tilbake hjå dei som var vasslause, informerer kommunen.