Natt til onsdag vart det oppdaga eit vassleidningsbrot i Austrheim.
– Me ber om orsaking for at mange startar dagen utan vatn, stod det i eit infoskriv på kommunen si heimeside.
Brotet i leidninga er i Austrheimsvegen ved Nordlibrekka.
– Røyrleggar er på plass. Røyret som var lekk er fjerna, men det vil ta nokre timar før reparasjonen er fullført, skreiv kommunen onsdag morgon.
Når vatnet kjem attende, kan det vera misfarga. Då må ein tappa kaldt vatn, slik at ikkje det misfarga vatnet kjem i varmtvasstanken.
Seinare oppdaterte kommunen om situasjonen. Brotet på vassleidninga var då løyst. Samstundes informerte kommunen om at ein i samband med driftssetting måtte stenge vatnet heilt frå Åråsvågen og utover mellom 12:40 og 13:30.
– Det vil gå noko tid før trykket er tilbake hjå dei som var vasslause, informerer kommunen.