Køyrde gjennom Knarvik på eitt hjul

Fredag kveld prøvde ein 18-åring seg på eit stunt. Vedkommande køyrde gjennom Knarvik på eitt hjul på ein lettmotorsykkel.

– Det er ikkje akkurat den måten ein skal køyra på. Politiet observerte dette, og ein jurist bestemte at 18-åringen mista førarkortet, opplyser Ivar Holmaas i politiet.

Dermed må nok sjåføren, som har brukt eitt hjul, belaga seg på å bruka to bein framover.

Brann i sikringsskap på Lindås

Søndag ettermiddag skal det ha begynt å brenne i eit sikringsskap i ein bustad nær Lindås i Alver.

– Bebuar, som sjølv melde frå, opplyser at brannen truleg er sløkt, melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit klokka 16.32 søndag ettermiddag.

Det er framleis ukjent kva årsaka til hendinga er, og om det har oppstått skader som følge av den.

Brann og politi var på staden like etter at meldinga frå politiet gjekk ut til publikum.

– Dei er dialog med bebuare. Brannen er over, skriv Kolltveit i politiloggen.

Nekta å stoppa for politiet – hamnar i arresten

Onsdag føremiddag hadde UP fartskontroll langs E 39 på Ostereidet.

– Ein bil nekta å stoppa for kontrollen, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i politiet.

Patruljen heiv seg på hjul og køyrde etter. Til slutt fekk dei stoppa bilen i Matredal. Det var tre personar i bilen.

– Føraren er pågripen og vert køyrt til arresten, seier Hausvik.

Bil i autovernet i Austrheim - køyrde alkoholpåverka

Onsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Austrheim. Ein bil køyrde i autovernet og vart parkert og føraren gjekk i frå bilen.

Hendinga skal ha skjedd like etter klokka 07 på morgonen. Det er noko skade på autovernet og ein del synlege skadar på bilen. 

- Politiet kom til staden etter kort tid og fekk kontakt med bilførar, ein mann i 60 åra. Han blas over tillete verdi på alkometeret, skriv politiet.

Føraren verkar uskadd. Mannen vart med til legevakt for blodprøve og er sikta for å køyra bil medan han var påverka av alkohol. Førarkortet er inndrege og politiet opprettar sak. 

Bil køyrde av vegen på E39 i Romarheimsdalen

Tysdag ettermiddag oppstod det ei singelulykke på E39 gjennom Romarheimsdalen.

Politiet fekk inn meldinga like etter klokka 16.

– Ein bil har køyrd av vegen, like etter avkøyringa til Modalsvegen, melder operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt klokka 16.37.

Det berre føraren som var i bilen då hendinga oppstod.

– Han har komme seg ut. Politiet er på staden og er i kontakt med førar.

I ei oppdatering klokka 16.57 melder Rebnord av føraren er frakta til legevakten for nærmare undersøkingar etter hendinga.

Det er ikkje mistanke om kørying i påverka tilstand. Politiet oppretter rutinemessig sak på hendinga.

Ulykke i Masfjorden

Klokka 14:50 fredag ettermiddag melder politi og brannvesen at dei er på veg til ei trafikkulykke på Austfjordvegen på sørsida i Masfjorden. 

– Det er ein bil med ein person involvert. Truleg er det ikkje personskade, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i politiet.

Mindre køyretøy kan passera ulykkesstaden. 

Mista førarkortet: Tatt i 117 km/t

Klokka 12:08 stansa UP ein bil, som blei målt til 117 km/t i 80-sona på E39 Sognevegen i Alver. 

Føraren av bilen, ei kvinne i 30-åra, er meldt og må klare seg utan førarkort ei stund. 

Motorsyklist vart stoppa i 141 kilometer i timen

Tysdag klokka 11:53 var Utrykkingspolitiet på E39 langs med Osterfjorden. Ved Vikanes stoppa dei ein tohjuling i høg fart.

Han vart målt til 141 kilometer i timen i 80-sona.

– Føraren er ein mann i 20-åra. Han vert meldt til politiet og fråteken førarkortet, skriv operasjonsleiar Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i politiet.

Politiet mistenker ikkje at han har køyrt i rusa tilstand.

Trafikkulykke på Alverflaten

Like etter klokka 10.30 laurdag ettermiddag har det komme melding om ei ulykke på Alverflaten i Alver.

Det skal ha vore eit samanstøyt mellom ein MC og ein bil. Skadeomfanget er ukjent. Førar av MCen skal vere bevisst.

– Ingen er fastklemt, melder Vest politidistrikt.

I ei oppdatering klokka 10.52 melder politiet at MC-føraren er frakta til legevakta etter hendinga.

Etter at vegen ei kort stund var stengd grunna ulykka, er det no open att.

Fleire hundre var utan straum i Alver

Tysdag kveld er 481 husstandar i Alver utan straum. 

Ifølge BKK sitt kart gjeld det eigedomar i Eikanger-området, langs med Osterfjorden.

Straumbrotet vart først registrert klokka 19.40.

BKK jobbar med feilsøking og forventar at det vil vera løyst cirka klokka 22.30.

Klokka 20.07 har fleire fått straumen att. Då er det 98 husstandar utan straum. Litt seinare på kveld har alle fått straumen attende.