Ulykke i Masfjorden

Klokka 14:50 fredag ettermiddag melder politi og brannvesen at dei er på veg til ei trafikkulykke på Austfjordvegen på sørsida i Masfjorden. 

– Det er ein bil med ein person involvert. Truleg er det ikkje personskade, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i politiet.

Mindre køyretøy kan passera ulykkesstaden. 

Mista førarkortet: Tatt i 117 km/t

Klokka 12:08 stansa UP ein bil, som blei målt til 117 km/t i 80-sona på E39 Sognevegen i Alver. 

Føraren av bilen, ei kvinne i 30-åra, er meldt og må klare seg utan førarkort ei stund. 

Motorsyklist vart stoppa i 141 kilometer i timen

Tysdag klokka 11:53 var Utrykkingspolitiet på E39 langs med Osterfjorden. Ved Vikanes stoppa dei ein tohjuling i høg fart.

Han vart målt til 141 kilometer i timen i 80-sona.

– Føraren er ein mann i 20-åra. Han vert meldt til politiet og fråteken førarkortet, skriv operasjonsleiar Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i politiet.

Politiet mistenker ikkje at han har køyrt i rusa tilstand.

Trafikkulykke på Alverflaten

Like etter klokka 10.30 laurdag ettermiddag har det komme melding om ei ulykke på Alverflaten i Alver.

Det skal ha vore eit samanstøyt mellom ein MC og ein bil. Skadeomfanget er ukjent. Førar av MCen skal vere bevisst.

– Ingen er fastklemt, melder Vest politidistrikt.

I ei oppdatering klokka 10.52 melder politiet at MC-føraren er frakta til legevakta etter hendinga.

Etter at vegen ei kort stund var stengd grunna ulykka, er det no open att.

Fleire hundre var utan straum i Alver

Tysdag kveld er 481 husstandar i Alver utan straum. 

Ifølge BKK sitt kart gjeld det eigedomar i Eikanger-området, langs med Osterfjorden.

Straumbrotet vart først registrert klokka 19.40.

BKK jobbar med feilsøking og forventar at det vil vera løyst cirka klokka 22.30.

Klokka 20.07 har fleire fått straumen att. Då er det 98 husstandar utan straum. Litt seinare på kveld har alle fått straumen attende.

Unngå å køyre her etter klokka 17

Måndag kveld blir det frakting av spesialtransport på strekket på E39 mellom Matre og Haugsvær i Masfjorden.

Det er Statnett som står for fraktinga, melder Statens vegvesen.

– Vi må legge til rette for transporten, melder tunnelforvaltar Kjell Ove Landa.

Fraktinga gjer at det blir manuell trafikkavvikling på staden mellom klokka 17.00 måndag ettermiddag og 07.00 tysdag morgon.

Rykker ut til melding om brann i Knarvik

Naudetatane har rykt ut til Skyss sin garasje i Hagellia i Alver, etter melding om brann.

110 Vest melder at det skal ha vore branntilløp på verkstaden, men at den skal vera sløkt.

I følge politiet sin operasjonssentral er naudetatane framme på staden.

Ein person skal vera skadd etter hendinga, og vert køyrd til Haukeland Universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjend, melder politiet.

Eikefettunnelen opna att

Eikefettunnelen på E39 er mellombels stengt på grunn av eit stansa køyretøy som sperrar det eine køyrefeltet.

Klokka 15:32 melde vegtrafikksentralen at tunnelen er open att etter bilberging. 

Terrengbrann i Modalen

Siste. Seint fredag kveld kom det melding om at brannen er sløkt.

Fredag har det begynt å brenne i terrenget i Kvanndalen i Modalen. 

Hendinga skal ha skjedd nære dagsturhytta i kommunen ved Steinavatnet.

Dette er eit område som ligg nordvest for Øvre Helland. 

– Det skal vere ein del vind i området. Det har ikkje komme melding om at det per no er fare for bustadar, skriv operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt i ei oppdatering, klokka 17.48.

Klokka 19.04 har det komme melding om at sløkkingsarbeidet er vanskeleg grunna terrenget i området. 

– Vi har oppmoda om bistand frå helikopter for å hjelpe til med sløkkinga, skriv 110-sentralen i oppdateringa.

Trafikkuhell i Isdalstø

Klokka 16:15 kjem det melding om at det har oppstått eit trafikkuhell på fylkesveg 57 Lindåsvegen i Alver. 

Det skal vere to bilar involvert i hendinga. Det er inga melding om personskade, skriv Vest politidistrikt i ei oppdatering.

Naudetatane er på staden og det skal vere totalt seks personar involvert.

Ifølge politiet framstår det som ei påkøyring bakifrå. 

I 16:30-tida var det lang kø nordover og mot rundkøyringa til Alversund.