Det vart ein knallgod sesong for samarbeidslaget G14 Vang/Øystre Slidre/Rogne vårsesongen 2025.
Av sju kampar i serien, har laget vunne alle kampane sine, og vart dermed soleklare serievinnarar!
For 2025-sesongen har altså FK Vang og Øystre Slidre/Rogne IL gått saman og danna eit samarbeidslag for G14 , med 13 spelarar på laget. Med ein trenar frå kvar klubb, Berit Gjessing og Eivind M. Ellingbø, kunne laget ha to treningar i veka gjennom etterjulsvinteren; ein felles i Valdres Storhall og ein kvar for seg.
Trenarane har fokus på fotballglede, godt samspel og jamn innsats, og å bygge laget som heilheit. Det å spele ungdomsfotball i øvre del av Valdres betyr å reise langt for å spele kamp: næraste bortekamp var på Fagernes, så er det Gjøvik, Raufoss og Gran som har vore destinasjonane.
G14 frå FK Vang/Øystre Slidre/Rogne kunne sette punktum for vårsesongen, med sju sigre, 21 poeng på tabellen, 48 mål mot motstandarlaga og kun ti mål inn i eige nett.