Dei er små og utan tradisjonelle rotorblad, dei tre vindturbinane Kjell Ivar Ueland ser føre seg på garden sin på Røysland. – Kommunen heiar på slike prosjekt, som er nødvendige for at me skal nærma oss klimamåla, kommenterer saksbehandlaren i Bjerkreim kommune.