Fredag kveld var det klart for semifinale i NM-cupen i Volleyball. Førde-damene møtte TIF Viking på Åsane Arena.
Førde-trenar Jan Egil Tvinde seier at det var ein «grusomt spennande» kamp.
– Det var volleyball på eit godt nivå frå begge laga, seier han til Firda.
Førde-damene vann 3-1 og tar med seg cupfinalebilletten heim til Førde.
– Det er veldig kjekt at vi klarte det, spesielt at vi klarte å spele bra på Åsane Arena. Det er ein vanskeleg hall å spele i om ein ikkje er vand med det, seier Tvinde.
Sist damene var i cupfinalen var i 2023, då var begge Førde-laga med. Dette kan bli reprise av 17. januar. Herrane spelar nemleg cupfinale heime mot Koll søndag klokka 16.00.
– Vi håpar intenst på at dei også kjem seg til finalen, seier Tvinde.