Måndag var siste dag i EM i vektløfting. Det var også dagen då naustedølen Ragnar Holme skulle løfte.
Dette var første gong Holme stilte i A-puljen i EM i 109+ kilosklassen.
Holme gjorde det godt i rykk, med 170 kg, 176 kg og 182 kg.
182 kg er ny norsk og nordisk rekord, skriv Stian Grimseth på Facebook.
I støt løfta Holme først 200 kg. I andre løft prøvde han seg på 210 kg, men det vart ikkje godkjent. Naustedølen valde å stå over det siste forsøket i støt.
– Vi drog det heilt ut i rykk, men eg valde å halde litt igjen i støt. Det handlar om å tenkje langsiktig og ha fullt fokus på VM på heimebane i oktober. No ser eg fram til ein god treningsperiode inn mot VM – eg er veldig motivert, seier Holme til Norges vektløfterforbund.
Dagens prestasjonar gav Holme ein 4. plass i rykk, 10. plass i støt og 7. plass samanlagt. Han er no sikra plass i VM i Førde