Arbeidarpartiets Torbjørn Vereide har brukt valdagen som kviledag.
– Eg, kona mi og jenta vår har berre kvilt og kost oss. Vi har vore i parken, vassa litt i elva og leika på leikeplassar.
Målingane viser at Vereide har lite å vere bekymra for på valkvelden. Likevel kjenner han litt på nervane.
– Eg håper det går vegen. Eg har ein god følelse, men er likevel frykteleg spent.
Den største spenninga ligg kanskje ikkje i mogelegheita for at han ryk ut, men at han kan få ta med seg ein partifelle til Stortinget.
– Det er jo framleis ein liten sjanse for ein perfekt storm, der vi endar opp med to mandat.
Får Arbeidarpartiet to mandat, vil Vereide få selskap av Anette Stegegjerdet Norberg.
– Både i dag og i går var eg så sliten at eg måtte sove litt midt på dagen, fleire gonger. Det tenker eg er ein god indikasjon på at eg har gitt alt eg har, og ikkje minst så føler eg at heile laget har gitt alt dei har.
– Det har nok vore forferdeleg frustrerande for både vener og familie at det tek ein time for meg å kjøpe brød på butikken. Det er så mange som vil slå av ein prat!
– Skal ein stole på målingane, har du sikker jobb. Har du allereie gjort klar champagnen?
– Hehe, nei. Eg drikk ikkje champagne.
– Du bur på Bygdøy, men drikk ikkje champagne?
– Eg har eit par flasker med sider frå Balestrand. Slik feirar vi her!