Måndag var det oppstart av forskjøva arbeid med akutt sikring på Valldalsvegen.
- Det vil pågå boring i tidsrommet kl. 12-19, og vegen er då heilt stengd, melder Ullensvang kommune.
Det vert opning for DNT-turistar etter avtale, noko som òg vart gjort sist det var stengd veg.
Tysdag 11. august mellom klokka 07-19, vil det mellom anna pågå montering av nett og det vert mindre periodar med boring.
- Det vil vera opningar gjennom dagen med ventetid på inntil 30 min, melder kommunen.
Ullensvang kommune har opprette informasjonsside der status om vegen vert oppdatert.
Valldalsvegen går langs Valldalsvatnet og er ein mykje nytta innfartsveg for dei som skal inn på Hardangervidda.