Politiet fekk klokka 16:13 fredag melding om ei trafikkulukke på riksveg 13 ved Hildal. Ein motorsykkel har velta på staden.
Føraren av motorsykkelen er vaken og bevisst, ifølgje meldingane. Både politi og ambulanse er på veg til ulukkesstaden.
Det skal vera mogleg å passera ulukkesstaden, opplyser Vest politidistrikt.
Klokka 17.11 blir det meldt at førar er frakta til legevakt for vidare undersøkingar.
Like etter opplyser politiet at førar framstår uskadd, og at det ikkje blir noko meir oppfølging frå politiet.