Klokka 18:56 melder politiet at eigaren av den raude kajakken har meldt seg for politiet. Kajakken skal ha slite seg, og eigaren er trygg på land. Ingen er sakna.
Innsatsleiar ved Hardanger politistasjon, Svein Buer, opplyser til HF at politiet er ute langs Sørfjorden og søker etter person(ar).
HF rettar: Det blei tidlegare meldt at det var snakk om ein kano. Det rette er kajakk.
Bakgrunnen er at det kom ein kajakk drivande utover fjorden tysdag ettermiddag.
– Kajakken blei funnen ved Måge, og blei observert lenger inne i fjorden tidlegare i dag. Det er ein raud kajakk, seier Buer, som håpar publikum som kan ha informasjon vil ta kontakt med politiet snarleg.
– Særleg om det kan ha vore personar i den eller ikkje. Den kan ha kome frå området rundt Tyssedal.
Buer seier politiet håpar på tips raskt. Patruljen er ute og gjennomfører søk i skrivande stund.
– Politiet ønskjer kontakt med nokon som kan ha opplysningar om den raude kajakken, eventuelt om nokon som har vore ute og padla tidlegare i dag, kan melde seg for politiet, melder Vest politidistrikt klokka 18:26.
Ring 02800 om du har tips.
– Politiet er på staden. HRS er involvert og me har Røde Kors-båten på veg frå Odda.