UP har gjennomført fartskontroll langs rv. 13 på Sekse i 60-sona.
Kontrollen skjedde mellom klokka 13:40 og 14:45 måndag.
Tre fekk forenkla førelegg, og høgaste fart var 72 km/t.
UP har gjennomført fartskontroll langs rv. 13 på Sekse i 60-sona.
Kontrollen skjedde mellom klokka 13:40 og 14:45 måndag.
Tre fekk forenkla førelegg, og høgaste fart var 72 km/t.
Søndag er det uvêr i Hardanger, og like før klokka 11 melder Statens vegvesen at det er fare for at Hardangerbrua kan verta stengd grunna sterk vind.
Hardanger Folkeblad har også fått tips om at fleire tre skal ha kome ned i vegen i området mellom Skarvabjørgtunnelen og Teigen på Rv. 13. Desse vert rydda.
Fredag morgon melder Statens vegvesen at det har vore eit steinsprang mellom Aurstein og Kamrygg. Dette er altså på Fv. 49 mellom pollane, men vegen skal vera open for trafikk.
Politiet gjennomførte rus- og dokumentkontroll i Odda sentrum måndag, frå klokka 11 og utover.
– 51 kontrollerte, ingen reaksjonar, opplyser Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.
Ved 13-tida blei det gjennomført fartskontroll i 60-sona på Sekse på rv. 13.
Der blei det delt ut to forenkla førelegg for fart, og høgaste fart var 72 km/t.
Politiet melder at det er gjennomført trafikkontroll på 80-sona i Åkrafjorden på E134.
Fokus har vore på fart, rus og åtferd.
Det er delt ut fem forenkla førelegg i kontrollen, og høgaste fart var 113 km/t.
Éin person er meld for køyring utan gyldig førarkort.
Brannvesenet er klokka 17.15 på rv. 7 ved Finnasteinfloten i Eidfjord, der det har vore ein samanstøyt mellom ein lastebil og tankbil.
Trond Landaas ved Politi vest sin operasjonssentral opplyser at det er materielle skadar på køyretøya.
– Begge førarar er ute av køyretøya, det er ikkje meldt om personskadar. Det er ikkje meldt om lekkasje frå nokon av køyretøya, og bilbergar er på staden, opplyser Landaas.
Eitt felt er stengt på fylkesveg 500 Lyngstrandvegen mellom Årsnes og Ænes.
– Ein trailer lasta med fisk har køyrt av vegen. Brannvesenet er på veg, opplyser 110 Vest på X klokka 17.06 torsdag ettermiddag.
Vest politidistrikt opplyser klokka 17.13 at førar skal vera uskadd.
– Tungbilbergar er rekvirert. Firma kontakta. Vil få sendt ein ny trailer for å ta over lasta. Politi og brann er på staden. Det er passasje for annan trafikk forbi staden, blir det opplyst.
Vegtrafikksentralen melde klokka 16:43 torsdag om ei kort stenging av E134 Seljestadtunnelen grunna ein bil med havari.
– Havarist skal trillast ut før tunnelen blir opna igjen, opplyste dei på X.
Rullestadtunnelen i Etne på E134 mot Haugesund er stengt grunna tekniske problem, melder Vegtrafikksentralen på X.
Dei meldte seinare at tunnelen er open igjen for fri ferdsel.
00:00 til 05:00 natt til tysdag 17. juni vil Hardangerbrua vere stengt.
Mellom 04:00 og 05:00 vil det vere manuell dirigering.
Dete er på grunn av øving, melder Vegtrafikksentralen vest på X (twitter).