- Siste: Klokka 14:00 melder Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.
Vegtrafikksentralen melder tysdag klokka 12:30 at vegen mellom Odda og Tyssedal vil bli stengd i inntil éin time.
Bakgrunnen er forseinka opning etter sprengingsarbeid.
På Vegvesenet sine heimesider blir det opplyst at det dreier seg om oppryddingsarbeid.
– Forseinking på inntil éin time utover ordinær stenging må forventast.
Det er strekka mellom Kviturtunnelen og Djupevik som er stengd, der Riisa/Nye Veier arbeider med utbetring av vegen.
Prosjektleiar i Riisa, Mari Holthe-Seim, skriv i ein e-post til HF at bakgrunnen er store blokker som kom ut i forbindelse med sprenging.
– Blokkene må meislast for å kunne fjernast i og med at dei er så store. Desse blokkene må bli tatt ned og fjerna for å vareta tryggleiken før trafikken kan kome, opplyser ho.
Klokka 14:00 melder Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.