To førelegg for fart

Politiet gjennomførte rus- og dokumentkontroll i Odda sentrum måndag, frå klokka 11 og utover.

– 51 kontrollerte, ingen reaksjonar, opplyser Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.

Ved 13-tida blei det gjennomført fartskontroll i 60-sona på Sekse på rv. 13.

Der blei det delt ut to forenkla førelegg for fart, og høgaste fart var 72 km/t.

Éin utan førarkort stansa i kontroll

Politiet melder at det er gjennomført trafikkontroll på 80-sona i Åkrafjorden på E134.

Fokus har vore på fart, rus og åtferd.

Det er delt ut fem forenkla førelegg i kontrollen, og høgaste fart var 113 km/t.

Éin person er meld for køyring utan gyldig førarkort.

Samanstøyt på rv. 7 ved Finnasteinfloten

Brannvesenet er klokka 17.15 på rv. 7 ved Finnasteinfloten i Eidfjord, der det har vore ein samanstøyt mellom ein lastebil og tankbil.

Trond Landaas ved Politi vest sin operasjonssentral opplyser at det er materielle skadar på køyretøya.

– Begge førarar er ute av køyretøya, det er ikkje meldt om personskadar. Det er ikkje meldt om lekkasje frå nokon av køyretøya, og bilbergar er på staden, opplyser Landaas.

Trailer i grøfta på fv. 500 ved Lyngstrand

Eitt felt er stengt på fylkesveg 500 Lyngstrandvegen mellom Årsnes og Ænes. 

– Ein trailer lasta med fisk har køyrt av vegen. Brannvesenet er på veg, opplyser 110 Vest på X klokka 17.06 torsdag ettermiddag.

Vest politidistrikt opplyser klokka 17.13 at førar skal vera uskadd.

– Tungbilbergar er rekvirert. Firma kontakta. Vil få sendt ein ny trailer for å ta over lasta. Politi og brann er på staden. Det er passasje for annan trafikk forbi staden, blir det opplyst. 

Kort stenging av Seljestadtunnelen: – Bil med havari

Vegtrafikksentralen melde klokka 16:43 torsdag om ei kort stenging av E134 Seljestadtunnelen grunna ein bil med havari.

– Havarist skal trillast ut før tunnelen blir opna igjen, opplyste dei på X.

Stengt på E134

Rullestadtunnelen i Etne på E134 mot Haugesund er stengt grunna tekniske problem, melder Vegtrafikksentralen på X. 

Dei meldte seinare at tunnelen er open igjen for fri ferdsel.

Hardangerbrua stengt i natt

00:00 til 05:00 natt til tysdag 17. juni vil Hardangerbrua vere stengt. 

Mellom 04:00 og 05:00 vil det vere manuell dirigering.

Dete er på grunn av øving, melder Vegtrafikksentralen vest på X (twitter).

Beruset person banket på dører

Klokken 03:45 natt til søndag fikk politiet melding om en beruset person som banket på dører i Odda. 

– Politiet har vært i kontakt med mannen i 40-årene, og han ble bortvist fra Odda sentrum, blir det opplyst på Politiloggen. 

Endelig: MF Kinsarvik tilbake i rute søndag

Ferja som trafikkerer mellom Kinsarvik og Utne har vært ute av drift siden januar, den eldre MF Rosesund med sin reduserte kapasitet har i denne perioden fungert som reserveferje. 

Men etter mange måneders venting ser det nå ut som om MF Kinsarvik endelig er tilbake.

– Rute 1025: Kinsarvik-Utne. MF Kinsarvik er tilbake i normal rute fra 15.06.25 med første avgang klokka 10:25 fra Kinsarvik, opplyser Boreal lørdag kveld. 

MF Kinsarvik har en kapasitet på 16 personbiler, mens reserveferja MF Rosesund har en kapasitet på 10.

TILBAKE: MF Kinsarvik blir igjen å se på sambandet Kinsarvik-Utne. Foto: Eli Lund

Asfaltering av veg til Sysendammen

Eidfjord kommune melder om asfaltering til Sysendammen.

Mogeleg oppstart tysdag 10. juni utan at det hindrar ferdsel. Onsdag 11. juni er vegen stengt medan arbeidet pågår.