Trafikkulykke i Eidesbrotet

Vest politidistrikt melder om en trafikkulykke i Eidesbrotet, Odda. Hendelsen skal ha skjedd like før klokka 15:00 tirsdag. 

– En moped har truffet en person og deretter har fører av mopeden falt av. Involverte personer er våkne og bevisste, blir det opplyst på Politiloggen klokka 15:25.

Der blir det også meddelt at ambulanse har rykket ut, en politipatrulje er også kommet fram og undersøker omstendighetene nærmere. 

Mopedfører blir tatt med til sjukehuset av ambulanse for undersøkelser. 

Seks personar involvert i trafikkulykka

Klokka 19.25 melde Vest politidistrikt at det har vore ei trafikkulykka ved Skiftesjøen på Rv. 7 over Hardangervidda. Det skal vera opplyst at to bilar, med til saman seks personar, er involvert.

«Opplyst at det er passasje og trafikken snirklar seg forbi. Nødetetene er på vei til stedet», skriv politiet.

Like før klokka 20 er brannvesenet er framme på staden, og vil rydda slik at trafikken flyt betre. Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen legg til at alle involverte er vakne, men at enkelte klagar på smerter.

Kontroll på Rv. 13

I 8.30-tida torsdag hadde ein patrulje frå UP kontroll på Rv. 13.   På Lutro vart det skrive ut tre forenkla førelegg grunng høg hastigheit i 50-sona.

– Høgste hastigheit vart målt til 60 km/t, opplyser politioverbetjent Vidar Litle-Kalsøy.

UP hadde kontroll i Odda

Ved 12.30-tida tysdag hadde ein patrulje frå UP kontroll på Tokheim i Odda. Politioverbetjent Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon opplyser at 35 sjåførar vart kontrollerte, men at det ikkje var noko merknadar. 

Ein buss fekk stopp - stengde riksveg 7 i Måbødalen

Klokka 12.18 blir det meldt om fri ferdsel. 

Riksveg 7 var stengd i Måbødalen etter at ein buss fekk motorstopp i Kvernhushaugtunnelen. 

Det melde Vegtrafikksentralen klokka 10.47.

Ifølgje meldinga var sluttid rekna til 12.15. Denne vart etterpå oppdatert klokka 11.19.

Tunneler stengt

Røldal og Seljestadtunnelen ble tirsdag morgen stengt på grunn av skade på installasjoner. Entreprenør ble sendt ut til tunnelene litt over klokka 0700. Tre kvarter senere var vegen åpen med manuell dirigering. 

Front mot front i Eidfjord

Vest politidistrikt melder klokka 17:52 måndag at det har vore ein kollisjon i Ulvesundvegen i Eidfjord.

Ulykka skal ha blitt meld til politiet klokka 17:22.

– Front mot front i låg fart. Totalt fem personar i bilane. Alle er ute av bilane, og bilane er ute av vegbanen, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om vinglete køyring på Nå

Fredag kveld fekk politiet melding om ein bil som dreiv med vinglete køyring sør for Nå.

Ein politipatrulje i nærleiken stoppa bilen. Sjåføren bles null i alkometeret, og politiet mistenkjer ikkje ruskøyring.

Utanom denne meldinga har politiet så langt hatt ei roleg vakt i Indre Hardanger. 

Tre dagar med vegarbeid i Fresviktunnelen - Det blir manuell dirigering og ventetid

Statens vegvesen varslar om vegarbeid i Fresviktunnelen på riksveg 13 i tre dagar komande veke, frå tysdag 19. august til og med torsdag 21. august.

Trafikken blir leia med følgjebil, og det kan bli inntil 15 minutt ventetid mellom kl. 08.00 og 18.00.

Utrykkingskøyretøy blir prioriterte og kan passera utan opphald.

Brannvesenet brenn ned hus i Ulvik og på Evanger

Ulvik brannvesen skal brenna ned eit hus i Vallavikvegen 213  laurdag 16. august, melder 110 Vest på X. Det er venta synleg røyk og flammar frå området.

Samstundes gjennomfører mannskap frå Voss og Evanger brannvesen ei nedbrenningsøving i Evangervegen 16 i Voss. Her ber brannvesenet næraste naboar om å halde dører og vindauge lukka for å unngå ubehag.