Vallaviktunnelen Ulvik/Voss på rv. 13 er stengt på grunn høge gassverdiar, melder vegtrafikksentralen vest på Twitter (X).
Tunnelen ventilerast til verdiane er på eit normalt nivå, skriv dei.
Oppdatering: Vegen skal vere opna igjen.
Vallaviktunnelen Ulvik/Voss på rv. 13 er stengt på grunn høge gassverdiar, melder vegtrafikksentralen vest på Twitter (X).
Tunnelen ventilerast til verdiane er på eit normalt nivå, skriv dei.
Oppdatering: Vegen skal vere opna igjen.
Boreal melder på sine nettsider at det kan oppstå ein del kødanning ved sambandet Kvanndal-Utne (rute 1024) i dag.
Det er grunna omdirigeringar og store trafikale utfordringar på Kvanndalsida, skriv dei.
I dag mellom klokka 10 og 13 vil Statnett teste stasjonsovervakinga opp mot overvakingssentralen ved Åsen trafostasjon. Det vil difor vere alarmar som blir høyrt i området rundt stasjonen i Skjeggedal.
– Me beklagar svært for sein informasjon om dette, melder Statnett.
Klokka 18.06 blir det meldt om ei singelulukke i Dalbergtunnelen i Måbødalen, skriv Vegtrafikksentralen.
- Full stopp i trafikken, skriv politiet.
Brannvesenet var framme på staden klokka 18:38.
Ifølgje politiet køyrde to MCar i følge. På den første MCen var det berre ein førar. Han er uskadd. MC nummer to har køyrt i ein bolt som låg i vegen slik at sykkelen velta og den kvinnelege passasjeren vart skadd.
Den kvinneleg passasjer har mogleg brot i foten.
Pasienten er under behandling, ho er vaken og medviten, melder politiet.
Klokka 19:17 melder Vegtrafikksentralen om fri ferdsel.
Politipatruljen køyrer til Voss sjukehus for å avhøyra passasjeren.
UP har gjennomført fartskontroll langs rv. 13 på Sekse i 60-sona.
Kontrollen skjedde mellom klokka 13:40 og 14:45 måndag.
Tre fekk forenkla førelegg, og høgaste fart var 72 km/t.
Søndag er det uvêr i Hardanger, og like før klokka 11 melder Statens vegvesen at det er fare for at Hardangerbrua kan verta stengd grunna sterk vind.
Hardanger Folkeblad har også fått tips om at fleire tre skal ha kome ned i vegen i området mellom Skarvabjørgtunnelen og Teigen på Rv. 13. Desse vert rydda.
Fredag morgon melder Statens vegvesen at det har vore eit steinsprang mellom Aurstein og Kamrygg. Dette er altså på Fv. 49 mellom pollane, men vegen skal vera open for trafikk.
Politiet gjennomførte rus- og dokumentkontroll i Odda sentrum måndag, frå klokka 11 og utover.
– 51 kontrollerte, ingen reaksjonar, opplyser Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.
Ved 13-tida blei det gjennomført fartskontroll i 60-sona på Sekse på rv. 13.
Der blei det delt ut to forenkla førelegg for fart, og høgaste fart var 72 km/t.
Politiet melder at det er gjennomført trafikkontroll på 80-sona i Åkrafjorden på E134.
Fokus har vore på fart, rus og åtferd.
Det er delt ut fem forenkla førelegg i kontrollen, og høgaste fart var 113 km/t.
Éin person er meld for køyring utan gyldig førarkort.
Brannvesenet er klokka 17.15 på rv. 7 ved Finnasteinfloten i Eidfjord, der det har vore ein samanstøyt mellom ein lastebil og tankbil.
Trond Landaas ved Politi vest sin operasjonssentral opplyser at det er materielle skadar på køyretøya.
– Begge førarar er ute av køyretøya, det er ikkje meldt om personskadar. Det er ikkje meldt om lekkasje frå nokon av køyretøya, og bilbergar er på staden, opplyser Landaas.