Sju var for raske på riksveg 7

Tysdag ettermiddag var Utrykkingspolitiet (UP) på plass på riksveg 7 i Eidfjord.

Mellom klokka 17 og 20 heldt dei fartskontroll i 60-sona.

Det resulterte i sju forenkla førelegg, opplyser Håvard Skattum ved Voss politistasjon.

Den høgste hastigheita var målt til 75 km/t.

Tok beslag i to førarkort på E 134

Vest politidistrikt melder onsdag kveld at UP gjennomførte fartskontroll i 80-sona like aust for Haukelitunnelen. 

Det blei skrive ut 31 forenkla førelegg og teke beslag i to førarkort. Det eine etter å ha blitt målt i 126 km/t, det andre etter for mange prikkar.

Måbøtunnelen opna etter bilberging

Riksveg 7 ved Måbøtunnelen i Eidfjord er stengt på grunn av brann i personbil, melder Vegtrafikksentralen Vest på X.

Klokka 20:53 er brannen meldt sløkt på politiloggen. 

Melder/sjåfør opplyser at han ikkje har fått i seg røyk, og skal vere uskadd. Brannvesen er på staden, men det er ingen brann eller røykutvikling. 

– Ok temperatur. Politi på veg. Bergingsbil varsla, står det vidare på politiloggen.

Måbøtunnelen er 1893 meter lang og den lengste av dei fire tunnelane i Måbødalen, opplyser politiloggen.

Klokka 21.32 melder Vest Politidistrikt at det ikkje har vore opne flammar, berre røyk frå bilen.

«Ukjent årsak pr. nå. Politiet avbryter. Ingen sak opprettes. Bergingsbil er på stedet», melder dei i politiloggen.

Klokka 20.52 var vegen meld open igjen.

Oppdatering: MC-ulykke i Skjeggedal

Politi og ambulanse er på ulykkesstedet. Fører er under behandling av helsepersonell, bevisst og oppegående, i følge Politiloggen klokken 09:29.

Nødetatene rykket ut til en singel motorsykkelulykke i Skjeggedal klokken 09:06, opplyser politistasjonssjef Torsnes.

En motorsyklist hadde veltet på en lite trafikkert vei. Det er ikke meldt om trafikale problemer som følge av ulykken.

Brann i terreng

Brannvesenet er på staden etter melding om brann i terreng ved Solesnes i Jondal.

– Brannvesenet melder klokka 22:26 kontroll, fortset med dynking av området.

E 134 Rullestadtunnelen var stengt

Statens vegvesen melder klokka 20.09 torsdag kveld at E 134 Rullestadtunnelen er stengt.

«Brannslukker fjernet. Mulig teknisk feil. Brannvesen er på vei» skriver de på https://www.vegvesen.no/trafikk.

Rundt klokka 20.30 ble det meldt at hendelsen er avsluttet og veien åpen for trafikk igjen. 

Trafikkulykke ved Lindenes

110 Vest melde klokka 15.08 torsdag at det hadde skjedd ei trafikkulykke på rv. 13 ved Lindenes, mellom Odda og Tyssedal.

Politiet melder at det dreier seg om ein påkøyrsel bakfrå, med to bilar. Det var i alt to personar i bilane, og det er ikkje meldt om personskadar.

– Det gjekk bra med alle, det var ingen personskadar. 

Det opplyser Tore Fanebust ved 110 Vest til HF

Brannvesenet var tidleg på staden og fekk sikra dei kolliderte bilane.

– Passerande bilar blei slept forbi.

Det var store materielle skadar på bilane. Redningsbil kom raskt til staden og fekk taua dei bort.

Trafikkuhell i tunnel på Haukeli

Vegtrafikksentralen melder klokka 10:48 onsdag at Vågslidtunnelen i Vinje er stengd på grunn av trafikkuhell. 

Rv. 13 ved Grønsdal åpnet

Klokken 11:13 åpnet veien igjen, skriver Vegvesen trafikk.

Klokken 10.25 ble det meldt om berging av et kjøretøy på riksvei 13 ved Grønsdal.

Veien ble stengt inntil videre.

Tyssedaltunnelen opnar snart

Tunnelen har opna igjen etter trafikkulykke, melder Trafikksentralen vest på X.

Klokka 15.52 kunne politiet melda at førar av MC er frakta til sjukehuset for vidare undersøkingar og at tunnelen snart opnar.

Klokka 15.07 blei det meldt om trafikkulykke på riksveg 13 i Tyssedalsvegen. Det er meldt at ein MC er involvert, ingen andre køyretøy, skriv politiet på Politiloggen. 

Førar skal ha mista kontrollen på MC'en og falt av, men er vaken og bevisst.