Nærbø IL sitt A-lag i innebandy sikra seg tre solide poeng då dei gjesta Sandnes IBK 2 i 1. divisjon måndag kveld. Etter ein jamn start eksploderte oppgjeret i den andre perioden, og jærbuane kunne til slutt reise heim med ein komfortabel 9–4-siger.
Eksploderte i andre periode
Gjestene tok tak i kampen frå start og styre så spelet, men det var først etter 18 minutt at Tim Degn Mikkelsen fekk hol på byllen og skåra periodens einaste mål.
I den andre perioden løsna det skikkeleg for Nærbø – og då spesielt for andrerekkja. På berre 15 minutt banka dei inn heile seks skoringar. Blant høgdepunkta var eit hat-trick frå Atle Laland Egeland, som var tryggheita sjølv og spikra eit av måla frå straffemerket.
Trygga sigeren
Med 7–1 på måltavla før den siste perioden var seieren i realliteten avgjort. Sandnes pynta litt på resultatet dei siste ti minutta, men Nærbø kontrollerte inn til 9–4 til full tid.
Roy Inge Ueland leverte storspel i målet og vart kåra til banens beste med ein redningsprosent på 85 prosent. Både Tim Degn Mikkelsen og Atle Laland Egeland noterte seg for hat-trick i oppgjeret, medan Adrian Serigstad fekk sin A-lagsdebut for Nærbø.
Neste oppgåve for Nærbø blir eit heit lokaloppgjer heime mot Klepp IBK, begge laga har vunnet kampene sine i sesongsoppstarten.