På grunn av koronapandemien har Den offentlege tannhelsetenestai Vestfold og Telemark fylkeskommune sett i verk kraftige tiltak for å redusere smittefaren, samt rasjonere på naudsynt smittevernsutstyr, på våre klinikkar.
Frå 18.03.20 tilbyr me kun behandling til pasientar med sværtakutte behandlingsbehov. Dette
gjeld i fyrste omgang fram til 13.april, då me på nytt skal vurdere situasjonen.
Den offentlege tannhelsetenesta jobbar saman med lokale tannlegeforeningar og private tannlegar
for å gje eit naudsynt tilbod i tida framover. Sidan tannbehandling gjer at både tilsette og pasientar
er svært utsette for smitte, samt at me brukar smittevernsutstyr som sjukehus og andre
helseinstansar har behov for, vil me kun ta inn deimest akuttetilfella.
Pasientar med behov for akutt behandling, ringer sin nærmaste offentlege tannklinikk. Offentlege
klinikkar spreidd rundt i heile fylket vil ha telefonvakt. Somme klinikkar har på grunn av
bemanningskapasitet slått saman vakttelefonar for fleire klinikkar. Lokale tannlegar kan per telefon
gje råd, veiledning og eventuelt telefonreseptar.
Dersom dei anser vidare tannbehandling
naudsynt, henviser dei pasienten vidare til våre opne akuttklinikkar.