NPK-NTB
Av omsyn til tryggleik søkjer Riksantikvaren om droneforbod over nokre av Noregs nasjonalskattar, nemleg stavkyrkjene i landet.
Søknaden om droneforbodet blir send til Luftfartstilsynet og omfattar 27 av 28 stavkyrkjer.
– Med aukande besøkstal, ser stavkyrkjeeigarane at stadig fleire flyg drone rundt kyrkjene. Det har også vore uhell ved stavkyrkjer som følgje av droneflyging, men førebels har ikkje dette fått alvorlege konsekvensar, seier Marianne L. Nielsen, direktør for kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.
Stavkyrkjene er blant bygningane i Noreg med høgast kulturhistorisk verdi, og dei eldste har stått i nærare 900 år.
Dei best besøkte kyrkjene kan ha opp mot 60.000 betalande besøk i løpet av ein sesong.
– Om ein drone styrtar og hamnar på eit tak eller inne i eit klokketårn utgjer det ein stor brannfare, seier Nielsen.
– Dette vil vi unngå utan omsyn til kostnaden.
Undredal stavkyrkje er den einaste kyrkja som ikkje er omfatta av søknaden. Årsaka er at ho ikkje opplever det same presset frå droneflyginga til turistane.