Lastebil fekk stans, men no er det fri ferdsel att mellom Leikanger og Hella

Vegtrafikksentralen melder tysdag kveld om at det pågår bilberging ved Grinde, mellom Leikanger og Hella ferjekai. 

Her kan vegen bli stengd ein periode, opplyser vegtrafikksentralen klokka 19.23. 

Det var ein lastebil som hadde fått stans og denne stod delvis i vegbana. 

Klokka 20.20 melder vegtrafikksentralen at bilbergar har vore på staden og det er fri ferdsel. 

Flenjatunnelen måtte stengja grunna skade

Ein høgdeavgrensar i E16 Flenjatunnelen fekk skade tysdag, og tunnelen vart difor stengd.

Entreprenør er på veg, melder Vegtrafikksentralen klokka 12.12 tysdag.

Ein time seinare vart vegen opna for fri ferdsel igjen.

To stadfesta omkomne etter forliset ved Kråkenes fyr

Søndag kveld vart det sett i verk ein redningsaksjon etter at ein mindre fritidsbåt vart funnen drivande med kjølen opp like utanfor Kråkenes fyr i Nordfjord.

Store ressursar vart sett inn i redninga, og ein person vart plukka opp frå sjøen og frakta til Haukeland sjukehus.

Her skal tilstanden vera kritisk. 

Måndag ettermiddag melder Vest politidistrikt at denne mannen døydde på sjukehuset. Dei pårørande er varsla. 

Søndag kveld vart det meldt at også ein person til var funnen, han er stadfesta omkomen.

Like før klokka to natt til måndag stadfesta Hovedredningssentralen at søket gjekk inn i ein avsluttande fase, og at det vil bli sett i verk att morgonen etter som søk etter antatt omkomne.

Leiteaksjonen vert styrt av Vest politidistrikt. Det vil også bli starta opp att søk på land.

Dei tre skal vera turistar som var ute i leigd båt.

Alle tre er menn, ein i 60-åra og to i 70-åra.

Kontrollerte bilførar i Balestrand

I samband med Balejazz heldt politiet kontroll i Balestrand sentrum kring midnatt natt til laurdag. 

10 førarar vart kontrollerte for rus, men det gav ingen utslag.

Ute av drift inntil vidare

Rute A på ferjesambandet Vangsnes- Hella- Dragsvik er ute av drift inntil vidare, melder Noreld diftsvakt. 

Det blir normal drift frå Hella frå klokka 12.50.

Betydeleg snøskredfare i Jotunheimen

1. mai er det betydeleg snøskredfare i Jotunheimen. 

– Stigande temperatur og regn fører til aukande skredfare. Det er moglegheit for at gamle svake lag kan vekkjast til live og auka faren for naturleg utløyste skred, heiter det i varselet frå Varsom.no.

Skredfaren er størst i Vest-Jotunheimen der det er venta mest nedbør.

Lærdalstunnelen var stengd i to timar

Klokka 07.55 torsdag morgon melde Vegtrafikksentralen at ein lastebil hadde fått stans i Lærdalstunnelen på E16.

Klokka 09.08 vart tunnelen stengd fordi lastebilen framleis var inne i tunnelen.

Det var publikum som melde frå til Vegtrafikksentralen.

– Vedkomande driv og byter dekk sjølv, men me har teke kontakt med entreprenør for å høyra om dei kan ta seg ein tur for å sjå om det er noko dei kan bidra med, fortalde trafikkoperatør Andreas Rasmussen ved Vegtrafikksentralen Vest til Sogn Avis like før klokka 09.30.

 Er det snakk om punktering?

– Det er eg ikkje heile sikker på, men det kan det nok vera. 

Det var då uvisst kor lenge tunnelen ville vera stengd.

– Lastebilen står ut mot motsett køyrefelt, så det kan oppstå farlege situasjonar ved å halda tunnelen open, sa Rasmussen.

Klokka 11.07 opna tunnelen for fri ferdsel igjen.

Gult farevarsel for snø

Frå torsdag kveld kryp snøgrensa i Sør-Noreg og fredag er det venta 15-30 centimeter snø over 800-1000 meter i fjellområda i den sørlege landsdelen.

Det kan føra til lokalt vanskelege køyreforhold. 

– Snøfokk i fjellet gir redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring eller stengde vegar, heiter det i varselet.

– Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, er den klare oppmodinga.

Redusert kapasitet på Mannheller-Fodnes

Avgangen frå Fodnes klokka 13.20 vil ha redusert kapasitet på grunn av transport av farleg last, opplyser Noreld driftsvakt. 

Det er berre plass til 12 passasjerar.

Inviterer til folkemøte om tiltaksplan for villrein

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen inviterer alle lokale innbyggarar, organisasjonar og andre interesserte til folkemøte om tiltaksplan for villrein i Nordfjella villreinområde.

– No som det blir laga ein plan for å få tilbake villreinen i Nordfjella sone 1, er det viktig at me følgjer opp med ein tiltaksplan for å gje reinen eit godt livsgrunnlag når den kjem tilbake. Skal me klara det, må mange gode krefter dra i samme retning. Då er det heilt avgjørende at tiltaksplanane har god forankring lokalt. 

– For å sikra breitt engasjement i det vidare arbeidet med planane oppfordrar eg alle som har synspunkt på villreinen si framtid i Nordfjella til å delta på folkemøtet i Flåm, seier Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Folkemøtet finn stad på Fretheim hotell fredag 9. mai.