I eit brev til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen uttrykkjer elleve Ap-ordførarar i gamle Sogn og Fjordane støtte til krava frå jordbruket i årets jordbruksforhandlingar.
I brevet skriv politikarane mellom anna at Statens tilbod på 805 millionar kroner, med ei inntektsramme på 2,7 prosent, ligg langt under kravet frå næringa og vesentleg under lønnsutviklinga for andre grupper i samfunnet.
Sikra matproduksjon i heile landet
"Dette står i kontrast til måla Stortinget har vedteke om auka sjølvforsyning og beredskap. Skal vi sikre matproduksjon i heile landet, må bonden få ei inntektsutvikling som gjer det mogleg å satse på landbruk som næring – også i distrikta", skriv ordførarane.
Mellom dei som har signert er tre av Ap-ordførarane i Sogn, Audun Mo i Lærdal, Kjell Bøe Bjørgum i Aurland og Roy Egil Stadheim i Vik.
Ordførarane viser til at landbruket er avgjerande for busetjing, arbeidsplassar, kulturlandskap og berekraftig bruk av naturressursar i Sogn og Fjordane.
Oppmodar til løft
Dei skriv dei stiller seg bak måla om sjølvforsyning, trygg mat og berekraftig drift, men det krev eit landbruk som er prega av optimisme.
"Vi oppmodar deg som ansvarleg statsråd til å sikre eit jordbruksoppgjer som gir bonden ei
inntektsutvikling på linje med resten av samfunnet. Eit slikt løft er avgjerande for framtida til
jordbruket i våre kommunar – og for trygg og berekraftig matforsyning i Noreg", heiter det frå ordførargruppa.
Dei som har signert er:
Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger
Judith Kvåle, ordførar i Stad
Arnar Kvernevik, ordførar i Gloppen
Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler
Kjell Eide, ordførar i Hyllestad
Audun Moe, ordførar i Lærdal
Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik
Petter Sortland, ordførar i Høyanger
Kjell Bøe Bjørgum, ordførar i Aurland
Stig Ove Ølmheim, ordførar i Sogndal
Christian Sønstlien, ordførar i Årdal
I den første versjonen som vart publisert stod det at ni ordførarar støttar bøndene, men det er altså 11.
- På grunn av kort tidsfrist kom ikkje støtten frå ordførarane i Sogndal og Årdal med før meldinga gjekk ut. No har alle 11 AP-ordførarane i gamle Sogn og Fjordane støtta og signert uttalen som er sendt til Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, skriv Arnar Kvernevik, ordførar Gloppen kommune i ein epost til Sogn Avis tysdag kveld.
Saka vart oppdatert klokka 20.30.