Sogndal Fotball og Grorud IL er samde om ein overgang for angrepsspelar Preben Asp (23). Avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen, melder Sogndal fotball.
- Sogndal er ein klubb eg føler meg veldig ønska av, og dei spelar ein fin fotball som passar meg bra, fortalde Preben etter at avtalen var signert.
Preben Asp er frå Steinkjær, og har allereie spelt for både Steinkjær, Kristiansund, Ranheim og Levanger på vegen mot toppfotballen. I 2022 spelte han 23 kampar for Levanger i PostNord-ligaen, og i sin fyrste sesong på seniornivå scora han 13 mål. Året etter var han med på opprykk til OBOS-ligaen, og han spelte 17 kampar forLevanger. Turen gjekk deretter vidare til Grorud og ein ny sesong på nivå 3 i norsk fotball.
- Vår nye spiss leverte ein historisk sesong for dei gule og blå. På 26 kampar i PostNord-ligaen scora han heile 27 gonger. Det har ingen spelar gjort før han i andredivisjon etter at det vart lagt om til to avdelingar i 2017. I årets sesong har han halde fram med å score, og etter totalt 11 kampar i serie og cup har han scora 8 mål. Eit av dei kom i cupkampen mot Lillestrøm, og no blir det eit nytt møte med kanarifugla i september, skriv Sogndal på heimesida si.