Innstillingar i rute C måndag morgon på grunn av mannskapsmangel. Første avgang blir frå Vangsnes klokka 09:45, melder Norled.
Rute A og rute B går som normalt.
Innstillingar i rute C måndag morgon på grunn av mannskapsmangel. Første avgang blir frå Vangsnes klokka 09:45, melder Norled.
Rute A og rute B går som normalt.
Vangsnes – Hella – Dragsvik:
Avgangen klokka 20:30 frå Dragsvik og 20:50 frå Hella søndag kveld blir innstilt på grunn av mannskapsmangel, melder Norled.
Torsdag vart ein svart katt påkøyrd mellom Nornes ungdomshus og Nornessvingen, på strekninga mellom Sogndal og Leikanger.
– Katten er dessverre død, men me ynskjer at eigar får vita om det, opplyser politioverbetjent Svein Inge Harberg.
Eigaren kan ta kontakt med Sogndal politistasjon.
– Det ser ikkje ut til at katten er chip-merka, opplyser Harberg.
Mange dagar utan nedbør gjer at faren for skogbrann aukar betydeleg.
Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for delar av Sør-Noreg.
Kartet viser kor mange tørre dagar det har vore på rad.
Onsdag kveld rykte brannvesenet ut til ei adresse på Årdalstangen. Det skulle visa seg å vera ein automatisk brannalarm.
Telenor skal oppgradera mobilnettet i delar av Vik kommune. I den samanheng kan nettet detta ut.
Fresvik og Arnafjord skal få 5G-dekning. Arbeidet med å oppgradera basestasjonane startar onsdag, og vil vara til 28. mai.
Det melder Telenor sjølv i ei pressemelding.
– Når moderniserer basestasjonar, vil det vera redusert dekning frå stasjonen i nokre periodar. Opplever du å vera utan eller med redusert dekning, vil du koplast på ein annan basestasjon når du beveger deg. Me ventar at signala skal vera på plass om nokre dagar, seier dekningsdirektør i Telenor Noreg ifølgje pressemeldinga.
Telenor skriv at nøyaktig tidsrom for oppgraderinga kan endrast på kort varsel.
Dei raude områda på kartet vil oppleva periodar utan dekning, dei oransje vil ha redusert dekning.
Avgangen 14:15 frå Dragsvik i rute C utgår onsdag, og ruta vert kansellert ut fredag.
Avgangen 20.30 frå Dragsvik og avgangen 20.50 frå Helle går ut på grunn av mannskapsmangel.
Torsdag 15. mai og fredag 16. mai vil både A- og B-ruta gå vinterrute, melder Norled driftsvakt.
I eit brev til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen uttrykkjer elleve Ap-ordførarar i gamle Sogn og Fjordane støtte til krava frå jordbruket i årets jordbruksforhandlingar.
I brevet skriv politikarane mellom anna at Statens tilbod på 805 millionar kroner, med ei inntektsramme på 2,7 prosent, ligg langt under kravet frå næringa og vesentleg under lønnsutviklinga for andre grupper i samfunnet.
"Dette står i kontrast til måla Stortinget har vedteke om auka sjølvforsyning og beredskap. Skal vi sikre matproduksjon i heile landet, må bonden få ei inntektsutvikling som gjer det mogleg å satse på landbruk som næring – også i distrikta", skriv ordførarane.
Mellom dei som har signert er tre av Ap-ordførarane i Sogn, Audun Mo i Lærdal, Kjell Bøe Bjørgum i Aurland og Roy Egil Stadheim i Vik.
Ordførarane viser til at landbruket er avgjerande for busetjing, arbeidsplassar, kulturlandskap og berekraftig bruk av naturressursar i Sogn og Fjordane.
Dei skriv dei stiller seg bak måla om sjølvforsyning, trygg mat og berekraftig drift, men det krev eit landbruk som er prega av optimisme.
"Vi oppmodar deg som ansvarleg statsråd til å sikre eit jordbruksoppgjer som gir bonden ei
inntektsutvikling på linje med resten av samfunnet. Eit slikt løft er avgjerande for framtida til
jordbruket i våre kommunar – og for trygg og berekraftig matforsyning i Noreg", heiter det frå ordførargruppa.
Dei som har signert er:
Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger
Judith Kvåle, ordførar i Stad
Arnar Kvernevik, ordførar i Gloppen
Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler
Kjell Eide, ordførar i Hyllestad
Audun Moe, ordførar i Lærdal
Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik
Petter Sortland, ordførar i Høyanger
Kjell Bøe Bjørgum, ordførar i Aurland
Stig Ove Ølmheim, ordførar i Sogndal
Christian Sønstlien, ordførar i Årdal
I den første versjonen som vart publisert stod det at ni ordførarar støttar bøndene, men det er altså 11.
- På grunn av kort tidsfrist kom ikkje støtten frå ordførarane i Sogndal og Årdal med før meldinga gjekk ut. No har alle 11 AP-ordførarane i gamle Sogn og Fjordane støtta og signert uttalen som er sendt til Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, skriv Arnar Kvernevik, ordførar Gloppen kommune i ein epost til Sogn Avis tysdag kveld.
Saka vart oppdatert klokka 20.30.
Torsdag 15. mai vert alle ferjeavgangar mellom Solvorn og Ornes innstilte.
Det melder Lustrabaatane.
Årsaka er at det skal arbeidast på ferjebrua på Ornes, melder selskapet.
Torsdag melder selskapet at rutene går som normalt frå klokka 11.
Det har ikkje gått på skjener så langt i årets sesong for Sogndal FK Damer.
Framfor søndagens heimemøte med Grei stod dei berre med éin siger på dei fire første kampane, og denne rekkja blei forlengja til fem etter at det enda med 1–2 tap i oppgjeret på Fosshaugane.
Julie Solskjær sende gjestene i føringa 27 minutt ut i oppgjeret, og motbakken blei endå brattare for Sogndal då same spelar dobla fire minutt før pause.
Amalie Røys skapte håp om poeng då ho reduserte i det kampuret synte 71 minutt, men fleire scoringar kom det ikkje.
Fasiten syner dermed at trenar Martin Natvig sitt lag står med fire poeng etter dei fem første serierundane.