Statens vegvesen melde klokka 13:12 at Fodnestunnelen i Lærdal var stengd på grunn av ein syklande i vegbana.
Eit stykke etter kom meldinga om at vegen var opna att.
Statens vegvesen melde klokka 13:12 at Fodnestunnelen i Lærdal var stengd på grunn av ein syklande i vegbana.
Eit stykke etter kom meldinga om at vegen var opna att.
Klokka 04:09 natt til laurdag i Skjolden vart ein mann i 50 åra stoppa av politiet etter mistanke om promillekøyring. Mannen vart teken med til legekontor for blodprøve.
Saka er no meld, opplyser operasjonssentralen på politiloggen.
Driftsvakta til Norled melder torsdag kveld at det vert redusert kapasitet på ferjeavgangen klokka 22:00 frå Hella til Vangsnes.
Det vert berre opna for 12 passasjerar. Årsaka er farleg last.
Høge temperaturar og lite nedbør har gjort at det er sendt ut farevarsel om er moderat skogbrannfare på Vestlandet.
Ifølgje Meteorologisk institutt kan vegetasjonen lett ta fyr og store område bli råka.
Dei oppmodar difor folk om å ikkje nytta open eld og elles følga instruksjonar frå lokale myndigheiter.
Faren vil vara ved til det kjem nedbør av ei viss mengd, skriv dei i varselet.
To sogndalsspelarar er tekne ut til G16-troppen, som skal spela Skandinavisk meisterskap i august.
Dei to er Emil Hillestad (16) og Sverre Stavø (16).
Hillestad har frå før ni kampar for G15 og G16, medan det for Stavø er første gong han er utteken i ein landslagstropp.
I turneringa skal dei få bryna seg på jamaldringar frå Danmark, Finland og Sverige.
Landslagstrenar for G16-laget er Tore Andrè Flo, som var trenar for Sogndal fram til han fekk sparken på tampen av 2024-sesongen.
Med seg i trenarteamet har han to gamle kjenningar, Geir Stenehjem, keepertrenar i Sogndal, og Tommy Øren, no spelarutviklar i fotballkretsen.
Sogndalsspissen Erik Flataker har signert for AIK i Allsvenskan på ein kontrakt som varar ut 2029.
At ein slik overgang var høgaktuell vart kjent allereie i førre veke. Då var klubbane allereie samde.
Håvard Flo i Sogndal Fotball seier dei gjekk fleire rundar med den svenske klubben før salet gjekk i boks. Ifølgje han har klubben fått til ein god økonomisk avtale.
– Me har hatt nokre tydelege krav til marknaden, og då desse vart innfridde valde me å selja no, seier Flo til klubben sine eigne nettsider.
Flataker kom til Sogndal i 2020, debuterte for A-laget i 2021 og signerte proffkontrakt i 2022. Gjennombrotet kom først denne sesongen, men etter seks mål på ni kampar i cup og serie, vart nordfjordingen sett på benken av trenar Pimenta då han nekta å signera ny kontrakt.
No blir han lagkamerat med sogndølen Johan Hove.
– Han er ein spelar som me har følgt i mange år, og me er sikre på at både personen og spelaren Erik Flataker kjem å tilføra mykje til gjengen vår, seier sjefspeidar Fredrik Wisur Hansen i AIK Fotball til eigne nettsider.
Sjølv er Flataker glad for sjansen han har fått.
– Å få spela på ein så fin arena med ein veldig mektig supporterflokk er noko eg har drøymt om i heile livet mitt, og eg har framleis frysningar etter eg fekk høyra «Å vi er AIK» under søndagens kamp då eg var på plass på Strawberry Arena, seier Flataker til heimesida.
Patruljen til utrykkingspolitiet hadde måndag ein fartskontroll i ei 80-sone langs E16 i Lærdal.
Tre bilistar mista førarkortet fordi dei køyrde for fort. Høgaste fart vart målt til 137 km/t.
Femten førarar kom unna med forenkla førelegg.
Søndag ettermiddag har er rv5 Bergstunnelen i Sogndal stengd. Grunnen er eit stansa køyretøy, opplyser vegtrafikksentralen. Meldinga kom klokka 15.41.
Ved 16-tida melder vegtrafikksentralen at det er nabotunnelen, Frudalstunnelen som er stengt. Grunnen er at ein bil med campingvogn har fått motortrøbbel.
– Me fekk først melding om at det var i Bergstunnelen, så me stengde den. Så var situasjonen avklart og det viste seg at det var i Frudalstunnelen bilen og campingvogna stod.
Når Sogn Avis snakkar med Leif Helge Fjellro ved Vegtrafikksentralen klokka 16.05, er Bergstunnelen opna att og det same er Frudalstunnelen.
– Havaristen står i ei havarilomme, så no er det fri ferdsel att, seier Fjellro.
Han seier bilbergar er bestilt. Når denne er framme, truleg før klokka 17, vil det bli ei kort stenging av Frudalstunnelen, når bergingsarbeidet føregår.
Fv 53 Naustbukttunnelen i Årdal er stengd melder vegtrafikksentralen laurdag ettermiddag.
Årsaka er gjenstandar i vegbana. Like før klokka 18 melder vegtrafikksentralen at tunnelen er open att.
Laurdag føremiddag melder vegtrafikksentralen om ein lastebil med motorproblem i Sogndalsdalen. Dette gjer at eitt køyrefelt er stengt.
– Me har fått meldingar om dette frå publikum. Større køyretøy skal klara å koma seg forbi opplyser vegtrafikksentralen.