Emil (16) og Sverre (16) kalla opp av Tore Andrè Flo

To sogndalsspelarar er tekne ut til G16-troppen, som skal spela Skandinavisk meisterskap i august.

Dei to er Emil Hillestad (16) og Sverre Stavø (16). 

Hillestad har frå før ni kampar for G15 og G16, medan det for Stavø er første gong han er utteken i ein landslagstropp.

I turneringa skal dei få bryna seg på jamaldringar frå Danmark, Finland og Sverige.

Landslagstrenar for G16-laget er Tore Andrè Flo, som var trenar for Sogndal fram til han fekk sparken på tampen av 2024-sesongen.

Med seg i trenarteamet har han to gamle kjenningar, Geir Stenehjem, keepertrenar i Sogndal, og Tommy Øren, no spelarutviklar i fotballkretsen.

Overgangen i boks: – Krava våre vart innfridde

  Sogndalsspissen Erik Flataker har signert for AIK i Allsvenskan på ein kontrakt som varar ut 2029.

At ein slik overgang var høgaktuell vart kjent allereie i førre veke. Då var klubbane allereie samde.

Håvard Flo i Sogndal Fotball seier dei gjekk fleire rundar med den svenske klubben før salet gjekk i boks. Ifølgje han har klubben fått til ein god økonomisk avtale.

– Me har hatt nokre tydelege krav til marknaden, og då desse vart innfridde valde me å selja no, seier Flo til klubben sine eigne nettsider.

Flataker kom til Sogndal i 2020, debuterte for A-laget i 2021 og signerte proffkontrakt i 2022. Gjennombrotet kom først denne sesongen, men etter seks mål på ni kampar i cup og serie, vart nordfjordingen sett på benken av trenar Pimenta då han nekta å signera ny kontrakt.

No blir han lagkamerat med sogndølen Johan Hove. 

– Han er ein spelar som me har følgt i mange år, og me er sikre på at både personen og spelaren Erik Flataker kjem å tilføra mykje til gjengen vår, seier sjefspeidar Fredrik Wisur Hansen i AIK Fotball til eigne nettsider.

Sjølv er Flataker glad for sjansen han har fått.

– Å få spela på ein så fin arena med ein veldig mektig supporterflokk er noko eg har drøymt om i heile livet mitt, og eg har framleis frysningar etter eg fekk høyra «Å vi er AIK» under søndagens kamp då eg var på plass på Strawberry Arena, seier Flataker til heimesida.

Tre mista lappen i Lærdal

Patruljen til utrykkingspolitiet hadde måndag ein fartskontroll i ei 80-sone langs E16 i Lærdal. 

Tre bilistar mista førarkortet fordi dei køyrde for fort. Høgaste fart vart målt til 137 km/t.

Femten førarar kom unna med forenkla førelegg.

Køyretøy har fått stans i Frudalstunnelen

Søndag ettermiddag har er rv5 Bergstunnelen i Sogndal stengd. Grunnen er eit stansa køyretøy, opplyser vegtrafikksentralen. Meldinga kom klokka 15.41. 

Ved 16-tida melder vegtrafikksentralen at det er nabotunnelen, Frudalstunnelen som er stengt. Grunnen er at ein bil med campingvogn har fått motortrøbbel. 

– Me fekk først melding om at det var i Bergstunnelen, så me stengde den. Så var situasjonen avklart og det viste seg at det var i Frudalstunnelen bilen og campingvogna stod. 

Når Sogn Avis snakkar med Leif Helge Fjellro ved Vegtrafikksentralen klokka 16.05, er Bergstunnelen opna att og det same er Frudalstunnelen. 

– Havaristen står i ei havarilomme, så no er det fri ferdsel att, seier Fjellro. 

Han seier bilbergar er bestilt. Når denne er framme, truleg før klokka 17, vil det bli ei kort stenging av Frudalstunnelen, når bergingsarbeidet føregår. 

Tunnel i Årdal er stengd

Fv 53 Naustbukttunnelen i Årdal er stengd melder vegtrafikksentralen laurdag ettermiddag. 

Årsaka er gjenstandar i vegbana. Like før klokka 18 melder vegtrafikksentralen at tunnelen er open att. 

Køyretøy med motortrøbbel i Sogndalsdalen

Laurdag føremiddag melder vegtrafikksentralen om ein lastebil med motorproblem i Sogndalsdalen. Dette gjer at eitt køyrefelt er stengt.

– Me har fått meldingar om dette frå publikum. Større køyretøy skal klara å koma seg forbi opplyser vegtrafikksentralen. 

Rykkjer ut til trafikkuhell på Kaupanger

To bilar, med til saman tre personar, er involvert i eit trafikkuhell på Mannhellervegen ved Kaupanger onsdag kveld. 

- Det framstår ikkje som alvorleg. Ein person klagar over noko smerte i nakken. Patruljen er på staden og det blir beskrive som ei påkøyrsle bakfrå, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt. 

Dei tre personane skal alle vera medvitne. Både politi og ambulanse er på staden. 

Johannessen seier politiet fekk melding klokka 18.30. Bilane skal ikkje vera til hinder for trafikken. 

Sjekka køyretøy i Sogndal

Onsdag heldt Statens vegvesen kontroll i Sogndal sentrum. Kontrollrapporten viser at 16 lette køyretøy vart kontrollerte. Det vart delt ut eitt bilbeltegebyr og for åtte køyretøy vanka det skriftlege manglar. Det vart også skrive ut eitt dekk/kjettinggebyr. 

Fodnestunnelen er open att

Rv5 Fodnestunnelen i Lærdal var stengd pnsdag. Det melde vegtrafikksentralen klokka 16.29. Grunnen til stenginga er oppryddingsarbeid, vert det opplyst. Stenginga var av det kortvarige slaget. 

Siri Bøthun leiar villreingruppe

Ei regjeringsoppnemnd arbeidsgruppe skal føreslå korleis villreinen trygt kan koma tilbake til dei delane av Nordfjella som har vore brakklagde etter funn av skrantesjuke i 2016.

Det opplyser regjeringa onsdag på eigne nettsider

Gruppa blir leia av fagrådgjevar Siri Bøthun frå Fresvik og forskar Olav Strand frå Hardanger. Den ferdige planen skal vera klar i november 2025, så skal departementa ta endeleg stilling til han.

– Det er eit stort ønske og engasjement lokalt for å få tilbake villreinen i Nordfjella. Dette er eit engasjement eg deler. Eg er glad for at me no har sett saman ei arbeidsgruppe med brei lokal deltaking, som skal laga ein plan for korleis me skal få til dette på ein trygg og god måte, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i pressemeldinga.