Norled melder om redusert kapasitet på avgangen frå Fodnes klokka 17.20, onsdag ettermiddag.
Norled melder om redusert kapasitet på avgangen frå Fodnes klokka 17.20, onsdag ettermiddag.
Vik – Ortnevik – Måren – Nordeide er innstilt ut dagen, på grunn av tekniske problem.
Det vil bli normal drift frå torsdag morgon, melder Norled.
Det er sendt ut gult farevarsel for gras- og lyngbrann i snøfrie område i Vestland fylke, melder Meteorologene.
Tysdag førte bålbrenning til ein større grasbrann i Luster.
– Ikkje bruk open eld, er oppmodinga.
Det er eit generelt bålforbod i Noreg frå 15. april til 15. september. I dette tidsrommet er det forbode å tenna bål, engangsgrillar og bålpanner i eller i nærleiken av skog og utmark.
Klokka 12.42 fekk Vegtrafikksentralen melding om at det var ein stein i vegen mellom Hafslo og Veitastrond i Luster.
Steinen var i storleiken 300 til 400 kilo.
Klokka 13 var entreprenør på veg, og like etter klokka 14 var steinen fjerna, og vegen opna att.
Steinen kom ned i eit område der det har rasa før, og geolog skal inn i området og sjekka seinare.
110 Vest melder klokka 09:42 om røykutvikling i eit ventilasjonsrom i Årdal. Meldinga kom som ein automatisk brannalarm frå vaktselskap.
Brannvesenet er framme på staden og undersøkjer.
- Det er meldt om på kontroll på staden, opplyser vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge ved 110 Vest.
Årsaka til røykutviklinga skal vera varmgang i ei viftereim. Brannvesenet luftar ut.
Inntekta til bønder i fleire produksjonar ligg langt under det som vart anslått året før, ifølgje nye grunnlagstal før jordbruksoppgjeret.
I snitt er inntekta om lag 80.000 kroner lågare per årsverk, ifølgje reknestykka, noko som aukar avstanden til samanlikningsgruppa. Særleg beitebaserte produksjonar som ammeku og sau kjem dårleg ut, og fleire av referansebruka har store avvik frå tidlegare prognosar, skriv Nationen.
Ammekubøndene i kornområde kjem dårlegast ut med under 200.000 kroner per årsverk og ein kraftig nedgang frå året før. Samstundes understrekar fagmiljøa at tala må tolkast varsamt, då dei byggjer på små utval og kan variere med kva bruk som er med i berekningane.
Ifølgje Lars Johan Rustad, leiar for sekretariatet i Budsjettnemnda, bør tala tolkast med varsemd.
– Det kan vere store forskjellar og spreiing økonomisk mellom bruk. Det kan bli tilfeldige utslag, seier Rustad til Nationen.
Sognefjellet vart på nytt stengt søndag ettermiddag på grunn av uvêr i fjellet.
Det er venta ny vurdering måndag klokka 08.00, melder Vegtrafikksentralen vest.
Klokka 07.30 vert det meldt at det vert fri ferdsel frå klokka åtte.
Fjellet vil framleis vera nattestengt mellom 20.00 og 08.00.
Natt til fredag vart politiet sendt til Fjøra pub i Sogndal for å handtera ein vanskeleg kunde.
– Han var ikkje lett å ha med å gjera for dei tilsette, så der sende me patruljen, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.
Ei natt i fyllearresten freista tydelegvis ikkje, for då patruljen kom fram hadde vedkomande gått frå staden.
Det har gått eit mindre snøras ved Utsikten på fylkesveg 613 Gaularfjellet, melder Vegtrafikksentralen.
Snøraset sperrar vegen.
Entreprenør er venta å vera framme på staden klokka 15.
Klokka 15.42 opna vegen for fri ferdsel igjen.
E16 Stalheim- og Sivletunnelen mellom Flåm og Voss er stengde på grunn av pukkstein i vegbana, melde Vegtrafikksentralen klokka 11.59.
Entreprenør var på staden for å rydda.
Klokka 12.26 melder Vegtrafikksentralen at vegbana er rydda og vegen er open igjen.