Fjøra tok ein viktig siger heime mot Vålerenga 2 laurdag.
Det er andre siger på rad for raudtrøyene, som hadde starta sesongen med to tap.
Dermed vart dette ei god veke for Fjøra med full pott i to heimekampar, først mot Loddefjord der dei halte i land ein 3-2 siger, og mot Vålerenga 2, der sluttresultatet vart 3-1.
Laurdag var det Noah Heggestad som opna ballet for heimelaget, allereie etter ni minutt.
Deretter la Mathias Hovland på til 2-0, og det vart også pauseresultatet.
Etter kvilen auka Brage Asperanden Navarsete til 3-0, og det såg veldig lyst ut før heimelaget.
Vålerenga 2 reduserte, men Fjøra kontrollerte inn til ein ny trepoengar.
Etter sigeren måndag denne veka uttalte Fjøra-trenar Knut Almås at laget fekk betalt for jobben dei gjorde i påsken. Då tok dei berre nokre dagar fri og trente på påskeaftan.
Den effekten ser ut til å vara ved. Fjøra har kara seg opp til midten av tabellen før ein ny bortetur ventar om ei veke. Då er Bjarg motstandar. Bergenslaget har starta sesongen sterkt, og vann også mot Fjøra i cupoppgjeret tidlegare i vår.