Bil med motorstopp på riksveg 5 ved Kjørnes

Tysdag ettermiddag klokka 15.36 melder Vest politidistrikt om ein bil som har fått motorstopp ein stad på Mannhellervegen i Sogndal kommune.

Bilen skal stå litt uheldig til i svingane på Kjørnes.

Politiet er på staden, og dirigerer trafikken.

Hjorten låg midt på E16

Klokka 06.09 tysdag melde ein sjåfør på E16 i Aurland om ein skadd hjort i vegbana. 

– Hjorten skal ha lege i vegbana på ein rett strekning ved Sivletunnelen, men han var ikkje død, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen. 

Han seier politiet har varsla viltnemnda om funnet,  men at dei ikkje har fått fleire oppdateringar. 

– Det er ikkje meld om at dette påverkar trafikken no, seier Sleire 07.40. 

Redusert kapasitet på ferja tysdag klokka 9

Tysdag 21. oktober blir det redusert kapasitet på ferja frå Mannheller til Fodnes klokka 09.00. Årsaka er spesialtransport. Ferja kan ta med maksimum 12 personar.

Stor øving i Gaupne med væpna personell

Heimevernet og Sivilforsvaret skal øva saman i Gaupne sentrum fredag 24. oktober. Det kjem til å vera militær aktivitet med væpna, uniformert personell, noko trafikkdirigering og det kan kome lydar frå øving med løsammunisjon, melder Luster kommune på nettsida. 

Øvinga varar frå fredag morgon klokka 9 til laurdag morgon klokka 9, vert det opplyst på nettsida. 

Meld til politiet på Håbakken

Éin sjåfør vart meld til politiet som følgje av brot på kviletida då Vegvesenet kontrollerte tungtrafikken på Håbakken i Lærdal søndag kveld. 

– Me hadde 153 køyretøy innom kontrollplassen, dei fleste hadde ting i orden, skriv kontrollør Frode Hålien i kontrollrapporten. 

Av dei kontrollerte køyretøya fekk 28 reaksjonar. Elleve av dei dreidde seg om skriftlege manglar. 

Seks fekk bruksforbod. 

Frå 1. november er det krav om at alle tungbilar skal ha fem millimeter mønsterdjupne og ha med kjettingar. 

Kaupanger tok leiinga, men måtte sjå seg slått til slutt

Sverre Liaseth Vinjevoll sende Kaupanger i føringa etter 15 minutt. Jølster utlikna før pause og gjekk opp til 2-0 i det 80. minutt. 

Like før slutt vart Kim Andre Dyrdal Stokke (Kaupangar) send i dusjen etter å ha fått sitt andre gule kort. 

Det enda 2-1 til Jølster på Kaupanger idrettspark.

Dermed er sesongen over for dei to laga. Kaupanger innkasserte totalt 20 poeng, noko som held til ein foreløpig niandeplass på tabellen. Etter å ha hausta inn 27 poeng denne sesongen endar Jølster på ein foreløpig sjuandeplass.

Opprykket var sikra – men i lokaloppgjeret vart det tett

Viljar Stavø sende Sogndal 2 i føringa etter 35 minutt. 

12 minutt seinare utlikna Truls Hovland for Årdal. 

Hovland fann nettmaskene igjen i andre omgang og sende heimelaget i føringa. Men berre tre minutt seinare scora Stavø sitt andre for dagen og utlikna for Sogndal.

Kampen enda 2-2 på Jotun stadion. 

Kampresultatet hadde ikkje stort å bety då det alt er klart at Sogndal 2 rykkjer opp til 3. divisjon.

Årdal enda på 3. plass i 4. divisjon.

Gav 50.000 kroner til TV-aksjonen

Hydro Energi Sogn har gjeve eit stort bidrag til årets TV-aksjon-innsamling i Luster. Det kjem fram av ei pressemelding.

Pengane frå årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen sitt arbeid for menneske med funksjonsnedsettingar i land som Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda. I år har aksjonen fått namnet «Saman opnar me dører», og det skal bidra til at 200.000 menneske skal få tilgang til hjelpemiddel, skulegang, arbeid og helsetenester.

Hydro og Hydro Energi har lange tradisjonar med å bidra til innsamlingsaksjonen. Tidlegare denne veka gav Hydro ein gåvesjekk til aksjonskomiteen der òg.

No har dei altså gjeve 50.000 kroner til komiteen i luster.

Pangstart med stor gåv

Engasjement blant tilsette

Kraftverkssjef Per Gullaksen seier at engasjementet for aksjonen står sterkt blant dei tilsette.

– TV-aksjonen er ein viktig nasjonal innsats for å skapa endring der behova er størst. Det er meiningsfullt å kunne bidra frå lokalt hald til eit formål som handlar om rettar, inkludering og verdigheit for menneske som stå utanfor, seier han i pressemeldinga.

Tv-aksjonen har blitt arrangert kvar oktober sidan 1974, og vert rekna som verdas største dugnad. I år går TV-aksjonen av stabelen 19. oktober.

To førarar melde til politiet

58 køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken for vurdering laurdag. Dei fleste hadde alt i orden, men ikkje alle.

 – Ein førar blir meldt til politiet for brot på køyre- og kviletida. Ein annan førar blir meldt til politet då vedkomande ikkje hadde gyldig førarrett, opplyser Frode Hålien i Statens vegvesen.

Aurlandfjellet er stengt

Fv 5627 Aurlandsfjellet er midlertidig stengt på grunn av uvêr. 

Ny vurdering fredag klokka 12, melder Vegtrafikksentralen.