Bispemøtet har avgjort at i alle domkyrkjenei Den norske kyrkja vert det ringt med kyrkjeklokkene torsdag 7. august kl. 15.00.
Prost i Sogn prosti, Kjell Olav Høstaker Nordheim, opplyser at dei har også oppmoda om at alle lokalkyrkjer som har moglegheit til dette, kan ta del i markeringa.
Dette vil syna engasjement frå landsende til landsende. Då vil klokkene ringe mellom 7 og 15 minuttar, i tråd med skikken med staden.
– Det vert ringt med kyrkjeklokkene for å kalle til bøn, og det er eit uttrykk for solidaritet med sivilbefolkninga på Gaza. Slik vert kyrkja sin uro og protest mot lidingane uttrykt.
Kyrkjene fleire stader vere opne, for dei som ynskjer å kome dit for å vere stille, be eller syne si deltaking ved lystenning.
– I Sogn kjenner eg så langt til at det i desse kyrkjene vil bli ringt med klokkene kl. 15 torsdag 7.8. Fleire kan kome til. Nokre av kyrkjene vil også vere opne, for stille, bøn og lystenning, opplyser Nordheim.
- Vik kyrkje.
- Begge kyrkjene i Årdal kommune, Farnes og Årdal kyrkjer. Open kyrkje, prest til stades.
- Stedje kyrkje i Sogndal. Open kyrkje, prest til stades.
- Ølmheim kyrkje.
- Hauge kyrkje, i Lærdal. Open kyrkje.
- Vangen kyrkje, Flåm kyrkje og Bakka kyrkje i Aurland. Opne kyrkjer.