Bakteriar i drikkevatnet på Leikanger - må kokast

Det er påvisast bakteriar i drikkevatnet frå Leikanger vassverk.

Sogndal kommune har sendt ut varsel om at alle må koka vatnet før det vert brukt til drikke eller matlaging.

Du finn råd og rettleiing frå Folkehelseinstituttet her.

Kommunen melder at dei vil koma med ny informasjon så snart dei har oppdateringar.

Kvifor vil kyrkjeklokkene ringja torsdag klokka 15.00?

Bispemøtet har avgjort at  i alle domkyrkjenei Den norske kyrkja vert det ringt med kyrkjeklokkene torsdag 7. august kl. 15.00.

Prost i Sogn prosti, Kjell Olav Høstaker Nordheim, opplyser at dei har også oppmoda om at alle lokalkyrkjer som har moglegheit til dette, kan ta del i markeringa. 

Dette vil syna engasjement frå landsende til landsende. Då vil klokkene ringe mellom 7 og 15 minuttar, i tråd med skikken med staden. 

– Det vert ringt med kyrkjeklokkene for å kalle til bøn, og det er eit uttrykk for solidaritet med sivilbefolkninga på Gaza. Slik vert kyrkja sin uro og protest mot lidingane uttrykt. 

Kyrkjene fleire stader vere opne, for dei som ynskjer å kome dit for å vere stille, be eller syne si deltaking ved lystenning. 

– I Sogn kjenner eg så langt til at det i desse kyrkjene vil bli ringt med klokkene kl. 15 torsdag 7.8. Fleire kan kome til. Nokre av kyrkjene vil også vere opne, for stille, bøn og lystenning, opplyser Nordheim.

  • Vik kyrkje. 
  • Begge kyrkjene i Årdal kommune, Farnes og Årdal kyrkjer. Open kyrkje, prest til stades. 
  • Stedje kyrkje i Sogndal. Open kyrkje, prest til stades.
  • Ølmheim kyrkje.
  • Hauge kyrkje, i Lærdal. Open kyrkje.
  • Vangen kyrkje, Flåm kyrkje og Bakka kyrkje i Aurland. Opne kyrkjer. 
Trevelt på Veitastrondsvegen

Fv. 5641 Veitastrondsvegen vart stengt ved Ugulsvik tysdag kveld.

Eit tre hadde velta over vegen. 

Entreprenør er på veg med motorsag for å rydda vegen, melder Vegtrafikksentralen klokka 20.53.

Tunnel stengd – bil med campingvogn må bergast

Rv5 Frudalstunnelen er stengd på grimm av berging av bil med campingvogn.

Det melder Vegtrafikksentralen vest like før klokka 09.00 tysdag.

Bilbergar er på staden.

Siste oppdatering er at det er fri ferdsel att.

Den gamle sirkushesten skrudde tida attende

Fjøra tok tre viktige poeng då dei vann 3–0 på heimebane mot Åsane 2 i Norsk Tipping-ligaen søndag ettermiddag.

Fabrice Niyomwungere ordna leiarmålet allereie etter seks minutt, før ein god, gamal sirkushest bestemte seg for å skru tida attende etter pause.

Hesten heiter Ulrik Flo, og spelte hovudrolla bak begge fjørene sine to siste scoringar.

Først heldt han på ballen med fleire motspelarar rundt seg inne i fem meteren, kom seg ned til dødlinja, og vippa den på elegant vis inn til Noah Heggestad som heada inn 2–0 på blank kasse.

Då synte kampuret 54 minutt, og kvarteret seinare var det Flo sin tur til å scora sjølv. Niyomwungere slo eit flatt innlegg på bakre stolpe, der sprang Flo seg fri og breisida inn 3–0.

Det blei sluttresultatet.

Hafslobelgen til topps under Landsfestivalen

Hafslobelgen markerte seg under Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Søndag vart det klart at Hafslobelgen vann klassa Lagspel durspel/trekkspel

På andreplass kom Nord Gudbrandsdal Toradergruppe og på tredjeplass kom Kongsberg Trekkspillklubb. 

Sistnemnde stilte i oransje festival-t-skjorter for å markera at det er to år til dei skal arrangera Landsfestivalen på Lampeland i lag med Numedal spel- og dansarlag. 

Vinnarlaget frå Sogn kvitterte med ein tradisjonell slått i Myklemyrtradisjon. 

J16 vann bronsefinalen mot Harestua

Resultatet enda på 3-1 for Sogndal J16 mot Harestua IL til stor jubel frå både spelarar og tilskodarar på Ekebergsletta..

Tertnes stoppa sogndalsjentene i semifinalen, men dei fekk revansje i bronsefinalen. Sogndal J16 var det laget frå Sogn som kom lengst i turneringa.

Laurdag ettermiddag er Norway cup 2025 over.

Preben er klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Grorud IL er samde om ein overgang for angrepsspelar Preben Asp (23). Avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen, melder Sogndal fotball.

- Sogndal er ein klubb eg føler meg veldig ønska av, og dei spelar ein fin fotball som passar meg bra, fortalde Preben etter at avtalen var signert.

Preben Asp er frå Steinkjær, og har allereie spelt for både Steinkjær, Kristiansund, Ranheim og Levanger på vegen mot toppfotballen. I 2022 spelte han 23 kampar for Levanger i PostNord-ligaen, og i sin fyrste sesong på seniornivå scora han 13 mål. Året etter var han med på opprykk til OBOS-ligaen, og han spelte 17 kampar forLevanger. Turen gjekk deretter vidare til Grorud og ein ny sesong på nivå 3 i norsk fotball.

- Vår nye spiss leverte ein historisk sesong for dei gule og blå. På 26 kampar i PostNord-ligaen scora han heile 27 gonger. Det har ingen spelar gjort før han i andredivisjon etter at det vart lagt om til to avdelingar i 2017. I årets sesong har han halde fram med å score, og etter totalt 11 kampar i serie og cup har han scora 8 mål. Eit av dei kom i cupkampen mot Lillestrøm, og no blir det eit nytt møte med kanarifugla i september, skriv Sogndal på heimesida si.

Sogndal tapte mot Tertnes

Sogndal J16 møtte Tertnes til semifinale fredag under Norway cup, og tapte 0-1. 

Dermed er det klart for bronsefinale laurdag mot Harestua IL. Kampen går klokka 12.30.

Mc i fjellveggen i Aurland

Fredag føremiddag vert det meldt om ei trafikkulukke på fv 50 ved Osen ved Vassbygdivatnet i Aurland. Statens vegvesen melder om at det er fare for at vegen kan bli stengd. 

– Politiet er på staden. Mc-føraren var iført hjelm og mc- klede, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt. 

I politiloggen går det fram at førar er vaken og oppegåande, men har smerter. 

 Det er  ikkje meldt om særleg skade på MC-en. 

Meldinga om ulukka kom klokka 09.51.

Knappen seier at ulukka skjedde i ein sving. 

– Ulukka skjedd i samband med at mc-føraren kom rundt ein sving og måtte stoppa for bilar som stod der og dermed køyrde i fjellveggen. 

Det skal vera passasje på staden.