På styremøtet 13. juni var stiftinga Litteraturbåten Epos tvungen
til å vedta å leggje båten ut for sal og å gje dagleg leiar oppseiing om ikkje situasjonen endrar seg innan 30. juni.
Det melder stiftinga i ei pressemelding.
Litteraturbåten har søkt stat og fylke om 3,5 millionar i driftsstøtte for 2026 og vidare, men treng i underkant av ein halv million for å halda det gåande fram til nyttår. Det har stiftinga no to veker på seg å skaffa.
150 arrangement
På tre år har Litteraturbåten Epos besøkt 44 kommunar på Vestlandet, hatt over 150 arrangement, og hatt 5000 besøkjande. Det har vore hendingar og program i samarbeid med over 20 andre kulturinstitusjonar, festivalar, organisasjonar og frilansaktørar.
– Dette er enormt trist. Me ser så tydeleg at tilbodet er ynskt, sett pris på og eit viktig tilskot i distrikta, men det er ikkje mogleg å drive ein kulturinstitusjon utan driftsstøtte, seier dagleg leiar Maria Pile Svåsand i pressemeldinga.
Fylkeskommunalt i 60 år
I 60 år var båten eit fylkeskommunalt tilbod som bibliotek og arrangør. Då dette vart lagt ned, skapte det eit engasjement som resulterte i den nye stiftinga, som vart etablert i 2022. Den har som føremål å vidareføra tradisjonen med flytande kulturinstitusjon til bygdene på Vestlandet.