Stortingsfleirtalet har vedteke ei erstatningsordning for overlevande og etterlatne etter Alexander Kielland-ulykka, mot regjeringas og Høgres vilje.
Ein brei koalisjon av nesten alle opposisjonspartia på Stortinget stilte seg bak forslaget om erstatningsordninga.
Berre Arbeidarpartiet og Høgre stemde imot.
53 av representantane som var i salen stemde for, medan 51 stemde mot.
I vedtaket ber Stortinget regjeringa etablere ein «særskilt kompensasjonsordning for dei overlevande og etterlatne etter Alexander L. Kielland-ulykka».
Vidare ber fleirtalet om at Riksrevisjonen må avklare ansvaret til styresmaktene for at ulykka kunne skje, og den manglande oppfølginga til styresmaktene av overlevande og etterlatne.
– Riksrevisjonens nye undersøking skal gjennomførast og leggjast fram innan utgangen av 2025, slår stortingsfleirtalet fast.
123 av 212 menneske om bord omkom då bustadplattforma Alexander L. Kielland kantra i høg sjø 27. mars 1980. Det er den største industriulykka i norsk historie.
Det har vore gjennomført ei rekke granskingar og utgreiingar, og Stortinget har fleire gonger stemd over ulike spørsmål knytt til ulykka. Seinast i 2021 meinte Stortinget at det ikkje var nødvendig med ei ny gransking, sjølv om det framleis ikkje er etablert kven som hadde ansvaret for ulykka.
Tidlegare i år avdekte ein rapport frå Universitetet i Stavanger at måten styresmaktene har handtert ulykka på, hadde alvorlege manglar. Overlevande og etterlatne har heller ikkje fått noka erstatning frå staten – sjølv om dei fekk erstatning frå forsikringsselskapa til Phillips Petroleum og Stavanger Drilling på 1980-talet.