Lørdag 10. juni arrangerer Nes Nasjonale Dansarring kappleik i det nyrestaurerte lagshuset sitt, Sjodar, som blei flytta frå Sunds til Evju Bygdetun i 2021, og etter stor dugnadsinnsats nå tatt i bruk som øvingslokale, til konsertar og andre arrangement. Kappleiken er åpen for alle sjølv om den også fungerer som fylkeskappleik for Telemark. Det blir tevla i dans, spel, kveding og eldre folkemusikkinstrument i ulike klasser etter alder og tidlegare oppnådd resultat. Premiane er flotte gjenstandar i keramikk frå ein lokal kunstner på Notodden.
Premie til den med høgaste poengsum er eit måleri gitt av Arne Kleng Dahle pluss at alle får eplemost sponset av Epleblomsten. I tillegg blir det kåra fylkesmester i dei same disiplinane og vinnarane får vandrepremie.
Ungdomen får ekstra premie.
Me vil i år gi ein ekstra premie til vinnarane i klasse C, dei mellom 12 og 18 år. Desse vil få ein pengepremie i tillegg på kr. 500 som inspirasjon til vidare satsing. Dei som er under 12 år konkurerer i klasse rekrutt. Desse får inga poengdøming, men diplom og ein liten pokal.
Arrangementet startar med ein liten konsert av elevane på «Fordjupningskurset», før sjølve kappleiken startar. Etter kappleiken blir det dans for alle fram til premieutdeling seinare på kvelden. Det blir sjølvsagt også muleg å kjøpe seg både mat og drikke i Eldhuset.
Dette blir premiære for Nye Sjodar som arena for ein større lokal kappleik, og me kan tilby deltakarane eit spesialkonstruert og godt dansegolv. Dette bør alle komme å prøve.
Ole Arnfinn Hagen