Det skal etablerast dagsenter i Helsehuset på Dale for heimebuande, fem dagar i veka frå og med september i år.
Det skal etablerast dagsenter i Helsehuset på Dale for heimebuande, fem dagar i veka frå og med september i år.
Tysdag vart det sett eit endeleg punktum for Jebsahuset sin veg vidare. Ei stifting skal overta bygget, og medgift frå kommunen får dei med seg på vegen.
- Arbeidet med skredsikring av framtidige tunnelpåhogg i nærleiken av idrettsparken på Vaksdal, kan medføra konsekvensar for idrettsanlegget i kortare tidsrom, stadfester Kari Bremnes, prosjektleiar for sikringsarbeida som skal gjerast langs E16.
Vaksdal kommune undersøkjer no området bak kyrkja på Stamnes for å gjera klart til ny brønn. Den gamle vasskjelda er ustabil og påverka av både tørke og nedbør.
Fredag kveld skulle eigentleg ungdomsrådet sparka i gang fotballcup for alle frå 7. klasse til og med Vg2 i Idrettsparken på Vaksdal. Men dei unge arrangørane har sett seg nøydde til å avlysa på grunn av lita interesse.
SKRÅBLIKK: Eg har funne dei varene eg skulle ha, og set kursen mot kassa. Der er det kø. Eg kortar tida med å kikke ned i dei andre sine handlevogner. Det gir meg på eit vis eit glimt inn i livet deira – kva dei likar, kva dei skal ha til middag og om dei føretrekkjer fisk eller kjøt.
Ordførar Hege Eide Vik spanderte marsipankake på dei folkevalde etter kommunestyremøtet tysdag, som ei markering av at K5-prosjektet, eller FAS (Fellesprosjektet Arna-Stanghelle) som det også vert kalla, no endeleg er i full gang.
Då søstrene Sol-Mari Hesjedal Langhelle (35) og Oda Hesjedal Langhelle (29) vaks opp på Stanghelle blei den knappe halvtimen med den australske tv-serien «Home and Away» etter skuletid ein slags fristad. På søndag fekk dei møta to av skodespelarane frå serien. Det blei eit sterkt møte for søstrene Langhelle.
Gode finansinntekter og premieavvik har samla medført at resultatet til Vaksdal kommune for 2024 vert positivt. Netto driftsresultat er vel 12,9 millionar kroner.
Bebuarane i Oterstadneset på Stamnes har hatt ei mellombels løysing etter at den felles septiktanken kollapsa i februar. Ein container har fungert som mellombels septiktank fram til no.