- Me held fram med landbrukssamarbeid med Alver og Austrheim, Fedje har gått ut av det, fortalde rådmann Jo Tømmerbakke i kommunestyremøtet nyleg.
- Me held fram med landbrukssamarbeid med Alver og Austrheim, Fedje har gått ut av det, fortalde rådmann Jo Tømmerbakke i kommunestyremøtet nyleg.
Det er no samarbeid på alle nivå innan fotballen mellom idrettslaga på Dale, Stanghelle og Vaksdal. Det gjer at også den tradisjonsrike Vertshuscupen frå i år av vert eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre klubbane.
Ein person omkom i ei trafikkulukke like ved Bolstadtunnelen laurdag morgon. E16 opna igjen kl 14.30, etter å ha vore stengt i over ni timar.
- Me har nyleg hatt eit møte med eit firma som kan koma til å etablera seg i Modalen. Firmaet driv med lagring av energi, forklara rådmann Jo Tømmerbakke i Modalen då kommunestyret møttest nyleg.
Fredag ettermiddag vert det meldt om ei trafikkulukke på Fv. 569 mellom Dalseid og Straume.
Dale of Norway leverte rekordhøg omsetning og resultat i 2024. Driftsinntektene i fjor var på heile 335 millionar kroner, noko som er 49 millionar høgare enn året før. Det underliggjande driftsresultat for 2024 var 50 millionar.
- Det er ikkje sikkert at graset er grønare på andre sida, og me veit kva me har, sa Trond Olav Magnussen (H), då saka om ein alternativ renovasjonsleverandør til BIR var oppe til handsaming i formannskapet for ei tilbake.
- Stanghelle barnehage har innvendig solskjerming med persienner, til liks med mange andre kommunale bygg. På ekstra varme dagar kan dei store glasfelta i barnehagen på Stanghelle bidra til det vert svært varmt.
SKRÅBLIKK: Eg sto over Bergsdalen Opp i år også. Men i yngre dagar var det ikkje uvanleg at vi tok sykkelen opp til Storefossen. Rett nok leidde vi sykkelen opp – og sykla nedover att. Det gjekk skikkeleg fort. Men denne varianten inngår visst ikkje i konkurransen.